Skip to content

Categories:

Valkampen byrjar

Dag 7, 20. mai 2010

Første steg i valkampen er folkeopplysing. Det kjem til å ta tid, og me kan ikkje gjera det på dei måtane eg er van med. Ikkje stand, ikkje brosjyrar eller flygeblad, ikkje demonstrasjonar eller fakkeltog.

Så me tar det ansikt til ansikt.

Først var Gabriel over.

Eg har lura på om det har gått bra med han. Det har det. Han har lege lågt.

No er han tilbake.

Og me fortel han om ei verd der alle kan klaga over styresmaktene, over regjeringa, Dei kan klaga av di dei valde dei. Dei kan til og med stilla til val.

Gabriel var ganske begeistra. Han stilte spørsmål om korleis det funka i mi tid.

Eg skal innrømma at eg forenkla ting litt. Eg sa ikkje så mykje om korleis ein må jobba seg oppover partia for å koma i ein eller annan posisjon, eg sa meir om korleis me kan ha innflyting på politikarane sjølv mellom vala.

Og val. Og valløfte. Og media, som dekkjer vala og valløfta.

Han var begeistra.

Me prata i mange timar.

I morgon kjem nokon andre. Veit ikkje kven.

Nikolsina vil framleis sprengja noko.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

Dag 6 med ein tvist

Dag 6, 19. mai 2010

Eskil ser ut til å ha det betre enn eg her, no. Eg vil berre heim. Me har vore her i snart ei veke, eg er redd for at det kjem til å verta tre veker eller meir denne gongen òg. Og eg vil berre heim.

Det er sitjinga som gjer meg galast. Eg vil gjera noko, eg gjera noko!

Om eg skal bu i denne tida må eg gjera den levbar.

Eg kjem til å bu i denne tida. Eg kjem aldri til å sjå det tjueførste århundret igjen. Eg kjem aldri heim til Mamma, eg kjem aldri til å sjå Kristoffer eller ungen hans igjen.

Difor må eg kunna leva godt her eg lever.

Eg har menneske eg er glad i, eg har Nikolsina og eg har Eskil.

Så det kan funka.

Men eg må ha ein plass å bu. Eg må kunna gå på butikken sjølv, eg kan ikkje gøyme meg i femti år.

“Nikolsina,” sa eg, ho er mest ekstrem. “Me må gjera noko. Du og eg og Eskil, me kan ikkje berre gå rundt her og hengja. No har me oppklara Leonid&Sofia, no kan me fiksa verda.”

“Oppklara?” sa ho. Ho svara altså ikkje eigentleg på det eg ville. “Kva har me oppklara?”

“Kvifor Leonid og Sofia har oppførd seg så rart.”

“Nei.”

“Nei?”

“Nei, Leonid har ingen bror.”

“Øh,” sa eg. “Kvifor sa du ikkje det i går?”

“Det passa ikkje sånn.”

“Neinei. Så kvifor gjer han det då? Og kvifor laug dei?”

“Det er vel enkelt. Det er betalte, og ville ikkje at me skulle vita det.”

“Kva skal me gjera med det, då?”

“Er det så mykje me kan gjera? Aktiviteten er så godt som lagt ned, dei kan ikkje tysta på noko som ikkje finst.”

“Nei. Dei kan vel ikkje det.”

“Men ja, eg er samd i at me må gjera noko. Kan me sprenga det hemmelege politiet no?”

“Nei,” sa eg, “inga sprenging. Folk kjem berre til å døy, og så kjem dei til å verta sinte på dei som sprengde det. Me må ha folket på vår side.”

“Og det tyder?”

“Me får i gang val. Me skriv om lova.”

“Men…” sa ho.

“Ja!” sa eg.

“Me kjem til å verta bura inne. Me kjem til å døy.”

“Men om me held ut lenge nok vil me verte hugsa.”

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

Dag 5

Dag 5, 18. mai 2010

Det er merkeleg kor fort tida går, sjølv om ein eigentleg ikkje har noko å gjera. Me har berre sitte rundt her, men likevel er dette dag 5. Dag 5! Det er fem dagar!

Så Nikolsina og eg bestemde oss for å gjera noko. La dei ta meg, la dei torturera meg, la dei drepa meg, så lenge eg får gjera noko først.

Eskil ville heller vera heime med Martan og vera teknisk. Rare han.

I ly av dagslyset gikk me ut. Me ville finna Leonid og Sofia. Eg hadde heldigvis overtydd henne om at det var ein betre plass å starta. Dei budde ikkje langt unna, men me var nervøse heile vegen. Tenk om nokon såg oss. Det var mange andre ute i gatene. Dei såg ikkje spesielt på oss, men det kjentest sånn. Me kunna ikkje snu oss, då ville alle sjå at noko rart var i gjære, at me hadde noko å skjula, så me berre følte auga deira i nakken på oss.

Heimen til Leonid. Det er visst der dei er meste av tida, eg har berre tenkt at dei budde saman, men eg veit jo at dei ikkje gjer det.

Opp trappa. Inn døra. Ein gang, dører, kjøken. Det var så godt som identisk til Nikolsinas. Skilt på dørene, det hadde dei ikkje hjå Nikolsina, der var alle dørene anonyme, like. ”Leonid Skarvalan” stod det på eit skilt. Me banka på.

Sofia opna døra.

”Hei,” sa eg.

”Øh,” sa ho. ”Hei.”

Nikolsina sa ingenting, men pressa seg forbi Sofia.

Eg gikk etter Sofia inn på rommet.

Det var trongt med fire menneske inne på det vesle rommet. Det var ikkje bygt for det.

Nikolsina ville ikkje sitje. Eg sat med Sofia på senga, Leonid sat på ein stol.

”Ja,” sa han.

”Ja,” sa Nikolsina. ”Så er me her.”

Eg burde seie noko, det tenkte eg, eg ville konfrontera dei, eg ville få svar.

Men så klara eg ikkje å seia noko.

Det var stille.

Nikolsina: ”Kva er det de driv med?” Ho var nesten sint, på ein stille måte.

Leonid: ”Me? Driv med?”

Nikolsina: ”Ja, eg veit de ikkje gjer det de seier det gjer. Kven jobbar de for?”

Sofia: ”Du veit kven me jobbar for.”

Nikolsina: ”Styresmaktene? Det hemmelege politiet? Kraftselskapa?”

Leonid: ”Nei! Sjølvsagt ikkje.”

Eg: ”Men noko rart er det med dykk, uansett.”

Eg såg på Nikolsina. Kva hadde me å slå i bordet med, kva prov hadde me?

Nikolsina: ”Eg veit, men eg ville at Hanne skulle få høyra det frå dykk. Eg kan fortelja henne det sjølv, om de er det de vil.”

Leonid: ”OK.”

Sofia: ”Nei! Leonid, ikkje sei noko!”

Leonid: ”Jo, dei veit det jo allereie. Det er mykje betre å fortelja det, me kan få fortelja kvifor. No vil dei berre døma oss.”

Nikolsina: ”Ja, det er fare for det, ja.”

Leonid: ”Broren min jobbar for Arna Kraft. Dei fikk vita at eg jobba mot dei, og det lika dei ikkje så godt.”

Eg: ”Nei, det kan eg forstå.”

Leonid: ”Ja, så først kravde dei informasjon om alt me gjorde.”

Nikolsina: ”Og om du ikkje gav dei det?”

Leonid: ”Vel, du veit. Dei tar han.”

Sofia: ”Så de kan sjå at han ikkje hadde noko val.”

Nikolsina: ”Ein har alltid eit val.”

Eg: ”Men eg ser kvar du kjem frå.”

Leonid: ”Etter kvart ville dei ha meir. Eg freista heile vegen gi dei så lite som mykje, berre svar på spørsmåla, aldri gi dei noko dei ber om.”

Nikolsina: ”Forbilledleg.”

Eg: ”Kva gjorde de på Frogner den gangen?”

Leonid: ”Det er ei gruppe der Arna samarbeider med. Dei forankrar prosjektet i 2010, og Arna gir dei pengar. Dei trur dei får mykje, men det er ingenting.”

Eg hadde masse sympati for Leonid, for faren hans, for Sofia som vart trekt med Leonid. Han kunne vel ikkje skjula noko sånt, noko så stort, for henne.

Nikolsina såg ut vindauget. Sola stod på, så eit mørk filter låg over det.

”Hanne, nå går me,” sa ho.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

17. mai, hipp hipp hurra!

Dag 4, 17. mai 2010

Eg skreiv 16. mai i går, og då tenkte eg at i dag var 17. mai. 17. mai! Hurra! Korpsmusikk og tog og is og heliumballong og pølser!

Eg spurde Nikolsina korleis dei feirar søttandemai her. Søttande mai? sa ho, som om dei skulle vore ein kva for helst annan dag. Sekstande mai eller attande mai, til dømes.

Det er grunnlovsdagen, sa eg.

Grunnlova? sa ho, kva for ei? EU-grunnlova?

Nei, sa eg, Noreg si.

Å, sa ho, den visste eg ikkje om.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

Nikolsina er deprimerande, men har rett

Dag 3, 16. mai 2010

Nikolsina har sagt mykje dei siste dagane, særleg i går. Ho er irritabel, og seier eigentleg ikkje noko hyggeleg i det heile til Eskil. Men nokre ting ho har sagt trur eg er sanne:

- Tidsmaskina er øydelagt. Om ikkje Martan har greidd å fiksa den på fire månader greier han sikkert ikkje å fiksa den på fire til.

- Ingen av oss fire, Martan, Eskil, meg eller Nikolsina sjølv, kan dra nokon plass, me må alle bu saman i leilegheita med det grøne tapetet.

- Me kjem til å verta galne.

- Me må gjera noko.

Eg spør henne kva det er ho vil gjera. Ho vil sprenga hovudkvarteret til det hemmelege politiet.

Eg vil ikkje sprenga hovudkvarteret til det hemmelege politiet.

Eg vil finna ut kva som skjer med Leonid og Sofia. Dei burde vera i like mykje vanskar som Martan og Nikolsina, men dei ser ikkje ut til å vera det.

Kvifor? Kvifor var dei i fengselet med Martan? Kva gjorde dei på Frogner i vinter?

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

Dag to

Dag 2, 15. mai 2010

Så. Det er andre dag både Eskil og eg er i 2365. Han er opptatt av teknologien her, korleis dei har utvikla alt dei treng frå nye materiale, fornybare materiale. Sjølv maten er visst gjenvunne. Ikkje at eg veit korleis.

Han har òg byrja å sjå på tidsmaskina med Martan. Dei er veldig entusiastiske og skjønne saman. Eg forstår at sjølv om det er mange ting Eskil og eg er interesserte i saman er det òg mange ting me ikkje kunna brydd oss mindre.

Men det tyder berre, for no, at eg har Nikolsina for meg sjølv.

“Om eg ikkje kjem meg heim snart, om eg må sitja her lenge, kjem eg til å verta sprø,” sa eg til henne.

“Eg er allereie sprø,” sa ho.

“Kva skal me gjera? Trur du at dei får fiksa maskina?”

“Nei, for å vera heilt ærleg trur eg ikkje det.”

“Men den funka jo då me kom, i forrigårs.”

Tida går jammen fort.

“Eg mistenkjer at den ikkje var like nøyaktig som det kan sjå ut som. Skal me sjå… Riktig stad. Riktig tid?”

“Det må det vel vera. Eg såg at den var stilt inn til 355 år framover.”

“Og kor lenge er det sia du drog herfrå sist?”

Eg måtte tenkja.

“To veker.”

“Hah,” sa Nikolsina. “Her har det vore fire månader.”

“Oj,” sa eg. “Har du vore her heile tida?”

“Ja,” sa ho.

“Shit. Då må du verkeleg vera gal.”

“Ja,” sa ho.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

Dag ein point two

Dag 1, 14. mai 2010

Så eg er igjen i 2365. Eg skriv dagbok som sist, merkeleg nok fikk eg med meg ei skrivebok. Det er ikkje så mykje plass igjen i den, så til å byrja med skriv eg veldig smått og vonar det ikkje vert tre veker denne gongen.

Det er fint å sjå Nikolsina igjen. Eg har sakna henne, det merka eg i dag. Me var saman heile dagen, kvar dag, i veker. Og me gjorde ganske nervepirrande ting.

Martan hadde skrudd på maskina då Eskil og eg trykka på knappen. Den funka eigentleg ikkje, han hadde nett satt den saman igjen etter nok ein reparasjon, nok eit eksperiment. Så noko hadde han fått til, me kom heile vegen.

Sjølvsagt funka den ikkje bra nok til at me kom oss heim.

Nikolsina og Martan bur saman hjå han no. Eg ville trudd det var den dummaste plassen å bu, dei veit om den. Men dei seier at styresmaktene og det hemmelege politiet ikkje vil mista ansikt. Dei har “lauslatt” Martan, så det å gå tilbake dit ville seia at dei hadde tatt feil to gonger. Og det ville vera for mykje, ein gong er nok.

Så dei ville heller la dei potensielt gjera litt ugagn.

Leilegheita til Martan er ganske liten når fire menneske skal sova i den. Men det var koseleg, tre ungdommar på golvet i stova. Det var litt som å vera tretten igjen, pysjparty med prat langt utover natta.

Nikolsina fortalde oss korleis det er å bu her no. Ho er trygg i leilegheita. Me veit ikkje om ho vart sett då me braut ut Martan og Leonid og Sofia, men me må rekna med det. Så ho kan ikkje gå ut, trur me. Ho kan ikkje eingong gå heim til seg sjølv for å henta tinga sine.

Martan har det heldigvis bra. Han vart litt sjokka, men etter ei natts søvn har han det så bra som nokonsinne. Han har til og med lagt på seg litt igjen.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

Igjen

Eskil var oppe hjå meg i kveld. Me drakk litt vin, ein lett kvit som fikk meg til å sjå framover til sommaren, og den og Eskil saman fikk meg til å gløyma alt som er negativt.

Så ville han sjå fjernkontrollen til tidsmaskina. Han er heilt oppsatt på å finna ut korleis den funkar.

Han fikla og fikla.

Eg er sikker på at de ser kvar det går no.

Han fikla og fikla, altså. Eg vart litt irritert på han, han berre brydde seg om den, ikkje meg. Så eg strakk meg over for å ta den tilbake.

Eg sa til han at det var hans feil. Eg sa at eg ba pent, at han gjorde alt. Men det var nok min feil. Eg skal innrømma det.

Det var min feil.

Me, uansett kven av oss, enda i alle fall med å trykka på knappen.

Og igjen stod eg på golvet i det grøne rommet. På golvet ved sia av meg sat Eskil. Han såg litt grøn ut.

Ved sia av tidsmaskina låg Martan. Han såg grå ut.

Siste person i rommet var Nikolsina.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

Ein kritikk

Kva slags mål på kunnskapsnivå er eigentleg eksamen? Og karakterar? Og som mål på livskvalitet?

Eg sit her kvar dag. Kvar einaste dag. Minst ni timar kvar dag. Ein halv time lunsj.

Og på slutten skal eg sitja i eit sveitt rom i nokre timar og visa at eg har les mange sider med pensum dei siste vekene.

Kva seier det om meg? Kva bryr ein arbeidsgivar seg om karakterane mine?Bryr eg meg?

Eg veit karakterar er viktige når ein skal søkja på master. Men det er så lenge til, eg veit ikkje om eg vil ta ein master i det heile.

Eg er ikkje motivert for dette. Eg er ikkje begeistra.

Eg var begeistra då eg studerte fortida og notida i 2365.

Posted in Uncategorized. Tagged with .

Eksamen

Det er berre to veker til eksamen. Det er altfor lite.

Difor har eg skrive eit lite dikt om eksamen. Det heiter Eksamen.

Eksamen

Eksamen det er noko
Me alltid har
På slutten

Eksamen er ein prøve
Dei skal seie
Kor gode me er

På eksamen er det viktig
Å ha med vatn, rosinar
Og noko med brunost

Det er i alle fall tankane mine om eksamen i dag. Eg har sitte ganske lenge og skreve diktet. Eg vert nok aldri diktar.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .