Skip to content

Categories:

Me er inne

Dag 13, 19. april 2010

Me låg heilt, heilt stille i det vesle kottet me hadde rømt inn i. Eg tenkte på kva som ville skje om nokon trengte noko i kottet. Springing i Tom&Jerry-stil? Avretting på staden? Avhør? Så eg var ganske redd. Eg skulle ønskje eg var modigare, eg er redd heile tida. Eg er redd sjølv når eg søv, eg drøymer skummelt og søv dårleg.

Eg skulle ønskje eg hugsa kva eg drøymer om. Eg har hatt mareritt eg framleis hugsar, frå då eg var lita. Eg drøymde at huset vårt brann, til dømes. Eg hugsar det framleis, men eg kan ikkje hugsa kva eg drøymde i natt.

Dei seier at det umedvite veit betre enn det medvite kva som foregår. At det umedvite analyserer og skjønar kva som skjer, korleis det heng saman, og gjerne korleis ein skal løysa problema.

Uansett.

Då eg vakna sat Nikolsina med eit øyre pressa mot døra. Ho la fingeren over munnen, eg var stille, ho var konsentrert. Kor lenge hadde eg sove? Eg gjetta på ca fire timar.

Eg måtte på do.

Verkeleg.

Eg måtte skikkeleg tissa.

Føkk, tenkte eg. Eg kan ikkje tissa nokon plass her.

Eg såg bort på Nikolsina. Auga mine var vende til mørkret, eg kunne sjå det meste av kottet. Det var eit bøttekott. I eit bøttekott finst det bøtter. Eg fann ei i hjørnet, plukka den opp og viste den til Nikolsina. “Eg må verkeleg.”

Ho nikka. Fortsatt hadde ho øyret mot døra. Eg tissa i bøtta. Det bråka. Eg var heile tida redd for at nokon skulle høyra meg. Og det varte evig. Rista litt.

Lukta av tiss breidde seg i kottet. Folk seier urin er sterilt, og ufarleg å drikka, men det luktar.

Etter ein lang stund, alt eg kunne tenkja på var lukta og korleis det var vått i trusa, opna Nikolsina døra. Ho titta forsiktig ut, sakte, gikk ut. Eg følgde etter. Eg freista vera musestille.

Me var i ein gang full av dører. Nokre av dei var opne. Nokre var kontor. Nokre var sovesalar. Ingen av dei likna på plassar du vil oppbevara politiske fangar. Ei trapp låg i enden av gangen. Nikolsina gikk raskt mot den. Neste etasje var grøn lineolium og ståldørar malte i ein sjukleg grønfarge. Det var lågt under taket. Korleis skulle me finna Martan blant alle desse? Og bak oss gikk ennå ei trapp oppover. Kor mange etasjar fanst det? Me gikk opp igjen. Berre to etasjar, altså, med celler. Kor mange på ei celle? Om dei ville, var det plass til fire i kvar. Tjue celler på éi vegg, det gir 80 celler, altså 320 fangar. Tre hundre og tjue. Det var i alle fall mogleg.

Nikolsina snudde, og me gikk tilbake mot kottet.

Men nokon gikk nett då rundt ein sving i den enden av gangen. Me dukka inn den første opne døra me såg, det var eit kontor med eit stort skrivebord. Det var av den gamle typen, med panel rundt heile, me la oss der, under skrivebordet.

“Såg eg ei trapp ned, i tillegg til dei opp?” sa eg, eg kviskra.

“Gjorde du?” sa Nikolsina.

“Eg trur det. Trur du dei har torturkammer i kjellaren? Fangehol?”

“Nei,” sa ho.

Me lærte mykje der, under skrivebordet. Folk som gikk i gangen prata mykje med kvarandre.

Toppetasjen er tom. Og det er ikkje mange i den første etasjen heller.

Det er litt rart. Dei burde ha plenty av folk her.

Me skal fortsetja å høyra, i von om å få vita kvar Martan er, og Leonid og Sofia. Og me vil helst tilbake til kottet.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash