Skip to content

Categories:

Eit fort

Dag 11, 17. april 2010

Nikolsina hadde rett. Me gikk ekstra lenge i dag, og då me hadde tenkt å gi opp og sova for natta, såg me at det hadde snike seg opp på oss.

Eg kallar det eit fort. Ordet gir meg mellomalderassosiasjonar, men eg føler det er dekkande. Det første me såg var murane. Dei er fleire meter høge, av slett betong, og har piggtråd på toppen. Innanfor murane står det ein svær, grå kloss. Den er heilt firkanta, stereotypisk høgsikkert fengsel. Øvst kan me sjå bittesmå gluggar.

Inn dit skal me.

Eg er redd for at me skal verta sett. Me gjer uansett ikkje opp eld i natt.

Eg lurar på kor mange menneske som sit der inne. Eg lurar på kor mange det er plass til.

“Er dette den einaste av sitt slag?” sa eg til Nikolsina medan me åt middag. Eller, “middag”.

“Dette? Å, ja, så vidt eg veit.”

Eg hadde rett i at granbaret var ubehagaleg å sova på. Eg vakna i grålysninga, og fikk ikkje sova igjen. Nikolsina purka og snorka vidare ved sida av meg. Så eg fikk ikkje sova meir. Det er trist og slitsomt å vera trøytt, kald, svolten og aleine, og ikkje kunna gjera noko med det.

Eg er følgjeleg dobbelsliten no.

Eg lurar på om nokon lurar på kvar eg er. Heime, altså. Dette er den ellevte dagen eg er borte. Kor mange har ringt meg? Kor mange e-postar ligg det i innboksen? Og kven er avsendarane?

Og eg lurar på om nokon les bloggen. Kanskje den har forsvunne i det store internettaudet. For om nokon har lese, og no ser at eg ikkje legg ut postar, vil dei kanskje forstå kvar eg er.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash