Skip to content

Categories:

Ei vandring i Noregs land

Dag 10, 16. april 2010

Kor langt kan ein gå på ein dag? Eg veit ikkje, men det er langt. Me har gått ein plass mellom åtte og ti timar, trur eg, ikkje så fort, men alltid ein fot framfor den andre.

Eg veit ikkje kvar eg er. Eg har inga haldepunkt. Heile Austlandet har visst vorte flytta inn til Oslo. Gamle vegar har råtna opp eller er tatt bort. Det går tog til Trondheim, framleis, og staden me skal til ligg langs skinnene, men me kan ikkje gå langsmed dei, for då vert me sett.

Noreg er veldig vakkert. Eg har sagt det før, men om Noreg i ei anna tid. Noreg er framleis veldig vakkert. Men det er òg sølete. Det ligg ein del vårsnø, råtten og holete, så du fell nedi. Og mellom snøflekkane er det gjørme.

Å, eg har vondt i føtene.

Me har funne granbar, me har laga ei slags seng på bakken. Eg gler meg ikkje til å sova på den, det er klumpete og vondt nok å sitja.

Nikolsina trur me kjem fram i morgon eller dagen etter. Eg vonar det er i morgon. Samstundes kjem alt til å verta verre då, det å gå er enkelt og rett fram.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash