Skip to content

Categories:

Nikolsina

Dag 9, 15. april 2010

No er Nikolsina her. Eg er så letta.

Det er kveld, me har ete og ledd og bekymra oss. Leonid og Sofia skulle møtt meg for to dagar sia. Dei skulle vera her to dagar.

Me veit ikkje kva som har skjedd med dei. Alle har trudd at dei var her, med meg.

So no har me Martan og Leonid og Sofia. Eit stort problem er enno større.

Men alt ser lysare ut med Nikolsina her. Ho er eit lyspunkt.

Ho veit kvar fangeanlegget er. Det er langt, og me må gå, og ho veit ca. korleis me skal koma oss dit. Ho veit ikkje nøyaktig kor det er, men me tenkjer uansett at det må vera stort nok til at me finn det når me er i nærleiken.

Det er litt sån Nikolsina er. Eg må planleggja alt på førehand, eg må vita og eg må ha lister og adresser og tider. Nikolsina tar alt på sparket, ho treng ikkje planar. Eg skulle ønskje eg var meir som henne. Eg får panikk av å tenkja at eg ikkje veit kva eg skal gjera.

Nikolsina har tatt med proviant. Me har pakka i sekken min, mat, og nokre klede, ikkje mykje, for den er ikkje så stor. Me skal sova her, og dra i morgon tidleg. Me har rulla opp teppe som me skal ta med oss. Me reknar nok ikkje med å sova inne med det første.

Eg vonar me får ut Martan, og Leonid og Sofia, og at han får bygd opp igjen tidsmaskina.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash