Skip to content

Categories:

Dag 8

Dag 8, 14. april 2010

Det er rart å skriva dag 8. 8 dagar. 8 dagar er ikkje eigentleg så mykje, når eg er på ferie er eg gjerne borte lengre enn 8 dagar. Men 8 dagar her. Det er annleis.

Det er kveld igjen. Eg har framleis ikkje selskap. Eg vonar ikkje Nikolsina skulle kome, men ikkje kjem av di ho er tatt.

Men det vil jo tyde at nokon andre skulle vore her. Og at noko har skjedd med dei.

Eller kanskje dei er spionar for styresmaktene og meldar meg.

Eg sov nokre timar i dag, på sofaen. Eg trur det var lettare å sova om dagen, ein er mindre redd for kva som luskar i buskane når det er lyst ute. Alle lydane er harmlause, det er fuglesong og vind i tretoppane. Om natta høyrer eg ugler, eg høyrer fottrinn, eg høyrer auge som ser på meg gjennom veggane.

Kva skal eg gjera om det framleis ikkje kjem nokon i morgon? Eg kan ikkje vegen til nokon av dei eg kjenner her, sjølv om eg hadde kome meg til sjølve byen er den altfor stor, alle husa er like. Og eg kan ikkje gå nokon plass, eg har ikkje ID, eg vil verta henta inn og plukka opp. Og då vil eg i alle fall aldri koma meg heim.

Men snart har eg ikkje meir mat. Eg har byrja rasjonering i dag. Om eg berre et to måltider om dagen, og ikkje så mykje, har eg mat til nesten ei veke. Om eg eter som eg har til no vil det berre halda til to eller tre dagar til. Vatn er òg eit problem, så eg må snart byrja å smelta snø. Eg veit ikkje kor lenge snøen ligg, det er varmt og tø i lufta. Og det bør finst ein bekk i nærleiken, men eg veit ikkje kor langt eg tør å gå for å leita.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash