Skip to content

Categories:

Aleine

Dag 7, 13. april 2010

Det kom ingen i går kveld. Eg sat og venta etter at Nikolsina hadde gått, men ingen kom. Eg laga mat til meg sjølv, og vart meir og meir bekymra, og skogen utanfor hytta laga skumle lydar.

Eg torde ikkje å leggja meg. Eg sat i sofaen, eg visste ikkje kva eg skulle gjera om noko skjedde, men eg ville vera vaken og klar over det.

Det er sjølvsagt ikkje lett å halda seg vaken heile natta. Eg sovna heile tida, og det gjorde meg berre reddare, for kven veit kor lenge eg sov kvar gong.

Eg lurar på kven som skulle kome. Eg lurar på kva som skjedde med dei.

Eg vonar ikkje noko fælt har skjedd på grunn av meg. Det hadde vore frykteleg.

Det har vore nok fryktelegheiter til no. Martan er borte. Eg kjem ikkje heim. Eg treng ikkje meir, eg gjer verkeleg ikkje det.

Livet mitt har vore heilt greitt. Til no. Eg har hatt utfordringar. Det har eg. Men dei har aldri vore for store, eg har alltid kunna sjå steg 1. Eg vil heim, no. Og eg veit ikkje korleis.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash