Skip to content

Categories:

Ein redningsaksjon tar form

Dag 6, 12. april 2010

Eg fikk ønsket mitt oppfylt. Eg har vore her kor mange dagar? og no kom Nikolsina.

Hytta har vore stor og tom med berre meg i, kvart skritt eg har tatt har gitt gjenklang, kvar tanke eg har hatt har hengt oppunder takbjelkane. Oppressive, ville eg sagt på engelsk. Hugsar ikkje kva det er på norsk. (Eg saknar ordlister og ordbøker på nett.)

Men med Nikolsina her er atmosfæren ein annan. Me pratar og ler, me fyller hytta med oss sjølve.

Eg ville gjetta at kom ein gong mellom fire og fem, det er vanskeleg utan klokke. Eg ser på sola, bak eit tjukt lag med skyar. Eg hadde med mobilen min, sjølvsagt, eg nyttar den som klokke, men batteriet har gått. Eg har ikkje med ladaren. Eg har uansett ikkje sett ein einaste stikkontakt her.

Me sat saman på sofaen i hjørnet, prata om alt og ingenting. Gutar. Jenter. Me er ikkje så ulike, sjølv om me kjem frå ulike tider, jenter altså.

Eg spurde henne, som om eg ikkje hadde snakka med Gabriel om det. Eg spurde henne, kva har de tenkt å gjera med Martan?

“Gjera?” sa ho.

“Ja,” sa eg, “me må gjera noko, kva skjedde med han?”

Ho vart stille. Så: “Han vart tatt.”

“Tatt? Av kven? Kvar?”

“Av det hemmelege politiet. Eg veit ikkje kvar. Eg veit ikkje kva dei gjer med han. Eg vil helst ikkje tenkja på det.”

“Men eg kan ikkje la vera! Eg sit her, de passar på meg, eg er redd, og eg er trygg. Martan er ein gammal mann, tenk på korleis det er for han.”

“Du har eit poeng. Og eg meinte ikkje at eg ikkje vil tenkja på at Martan er i fare, at han har det fælt, eg vil berre ikkje tenkja på kva dei gjer med han. Dei seier…”

“Kva seier dei?”

“Så mangt. Tortur. Vald. Avhør. Drap. Ein kjem ikkje tilbake. Dei få som har gjort det, har aldri snakka om kva som skjedde med dei.”

“Altså er det desto viktigare at me gjer noko. Eg har ikkje noko å mista, eg kan ikkje sitja i denne hytta resten av livet.”

“Nei, det kan du ikkje. Og dei kjem nok snart til meg òg.”

Ein pause.

“Eg kjem med deg.”

Eg var så glad at eg kunne kyssa henne. Eg gjorde det ikkje, eg gav henne ein klem i staden.

Men eg lura på kva ho meinte med at dei snart kjem til henne òg. Ho fortalde meg om alt ho gjer, aksjonar, nesten-demonstrasjonar. Eg kan ikkje seia at dei er ordentlege demonstrasjonar, i mi tid organiserer me eit ordentleg tog om det er noko me føler sterkt for. Nokre demonstrantar bryt lova, men då er dei fleste andre samde om at dei ikkje bør gjera det. Kaste stein og fyrverkeri på politiet, til dømes, det er det ikkje mange som stør. Nikolsina har genserar i sterke fargar, og nokre gonger teipar ho på bokstavar. Og om det er noko som ser det som ein protest mot styresmaktene er det ulovleg.

No er det kveld igjen, og eg er aleine. Nokon skal koma.

Nikolsina var her til ganske nyleg. Me planla, me bestemde oss for at me skal spionera, me skal finna Martan før me slår til og brekk han ut. Me veit ikkje korleis me skal gjera det, korleis me faktisk skal få han ut. Eg kan ikkje dirka 2010-låsar, på ingen måte kan eg ta låsar i 2365. Nikolsina skal høyra litt rundt, sjå om nokon veit kvar dei tar folk.

Ho skal koma tilbake snart.

I mellomtida ventar eg.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash