Skip to content

Categories:

Engelen Gabriel

Dag 5, 11. april 2010

Det var mørkt for Gabriel kom. Han er ein ung mann, eg hadde sett han ein gong før, men då hadde han ikkje sagt noko. Han sa ikkje mykje stort no heller. Men han var godt selskap, han fortalde meg litt om korleis det er å leva i 2365, for vanlege menneske. Han er eigentleg ikkje så aktiv i rørsla, han er mest med på grunn av kjærasten, men han hadde tid og høve til å passa på meg.

Det kan ikkje vera lett for dei, å plutseleg ha ein person slengande som ingen må vita er her. Mange gjer det, men så få som mogleg. Og aldri feil person.

Eg tenkjer på historier eg har høyrd om nazi-Tyskland, om Sovjet, 1984. Ein nabo, ein ven, ein bror, kan melda deg. Eg får frysningar av det.

Men Gabriel får meg til å føla meg trygg. Når han skildrar den, er rørsla velorganisert og stabil. Alle farar kjem utanfrå. Og innanfor rørsla er alle samde og gode vener.

Det er kanskje ikkje sånn eg har opplevd den, men eg vel å tru han. For no.

I morges spurde eg om Martan. Det hadde vore lettare om det var ein som ikkje var fullt så hyggeleg og stille, men eg er nøydd til å vita.

Han ville ikkje seia stort. Martan var borte og det var det. Han var tatt av det hemmelege politiet. Kven veit kvar han er, kva dei gjer med han.

Men skal de ikkje gjera noko med det? sa eg, skal de ikkje finna ut, skal de ikkje redda han?

Nei. Dei skal ikkje det. Dei kan ikkje. Det er for farleg.

Han drog òg. Om morgonen, etter frukost.

Han er forresten ein fantastisk kokk. Eg kan ikkje sjå at han har andre ingrediensar enn alle dei andre her, men det smakte veldig, veldig godt. Eg veit ikkje korleis han gjer det.

Så no er eg igjen mellom påpassarar. Eg sit i ei hytte i Oslomarka, og eg kan ikkje gjera noko. Eg føler meg så hjelpelaus, eg kan berre håpa på at nokon vil laga ei ny tidsmaskin så eg kan koma meg heim.

Eg vonar verkeleg at Nikolsina kjem. Eg trur ho vil høyra på meg, eg trur ho har eit samvit som seier at me må redda dei me kjenner.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash