Skip to content

Categories:

Vaflar og elsk

Eskil ringte meg i morges klokka ti. Han hadde vel vore vaken i mange timar, men han vekka meg. Nokre gonger har eg ein dårleg kjensle for å vera B-menneske – ein skal liksom opp tidleg for å få noko ut av dagen, for å vera sunn. Men eg likar ikkje å leggja meg, kanskje det er noko eg har fått med meg frå barndommen, men eg ender alltid opp i senga ein stund etter midnatt. Og då er det ikkje lett å stå opp så tidleg etterpå. Og senga er så varm og så mjuk.

Uansett. Eskil ringte og vekka meg. Vil du ha lunsjvaflar, spurde eg. Når, spurde eg. No, sa han. Så eg døypte dei om til frukost og gikk ned.

Eskil bur i etasjen under meg, så me er omtrent så nære naboar me kan verta.

Medan han steikte vaflane spelte han Damien Rice. Me tjatla og gløymde verdskatastrofene. Haiti er overalt. Me kan ikkje gjera noko, me er så hjelpe lause, det er best å tenkja på noko anna ein stund. Så me stod der i vaffelosen og svaia til dei altfor vakre tonane.

Så såg me Everything Changes, episode ein av Torchwood. Å Torchwood, som eg elskar deg, eg elskar deg meir enn Eskil innimellom. Everything Changes, fylgd av Day One, fylgd av Cyberwoman. Stakar, stakar Ianto.

Eg likar ikkje Eskil naudsynleg av di me er så like, men av di me kan vera stille saman. Me er det ikkje så mykje, han pratar ein del, og eg kan få det over meg, eg òg, men når me er det, stille, er det ikkje awkward.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash