Skip to content

Categories:

Eg har litt tryggleik no

Dag 4, 10. april 2010

Eg har aldri tenkt over kor primitivt det er å leva utan straum. Det finst ikkje varmt vatn, ikkje lys. Det er ved her, og stearinlys, men det er ikkje det same.

Det er kaldt om natta. April er kaldt sjølv i framtida. I dag snødde det, til og med.

Eg trur det er trygt her. Dei har visst ingen plan om å flytta meg med det første, så eg må rekna med at dei òg synest det er trygt. Det er rart å måtte vera trygg, eg har eigentleg alltid følt meg trygg. Sjølv om eg har vore i skumle, mørke bakgater i Oslo og andre plassar, har eg alltid tenkt at det finst politi, og aldri tvilt på at dei er på mi side.

Martan drog tidleg i dag. Han vekka meg, gav meg streng beskjed om å ikkje gå ut, forlét meg. Nokon andre skulle koma, sa han. Eg kunne sova så lenge eg ville, sa han.

Så eg sov, lett og nervøst, vakna heile tida. Det låg litt mat der, mest tørr og keisam, ikkje eigentleg annleis frå anna mat eg har fått her. Eg åt.

No har eg vore aleine ein stund, eg har lese i bøkene eg hadde i sekken, og no skriv eg dagbok.

Når nokon kjem skal eg spørja dei om kva dei gjer med Martan. Me må redda han.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash