Skip to content

Categories:

Ei verkeleg krise

Det var kanskje ikkje så klart i går kvifor eg har skrive papirdagbok og skriv det inn på bloggen ein stund. Det kjem i dag.

Dag 2, 8. april 2010

Nikolsina og Carmalina drog tidleg i dag for å møtast. Nikolsina lét meg sova, for eg kunne ikkje vera med, og eg kunne ikkje gjera noko fornuftig i heimen.

Eg hadde vakna då dei kom tilbake. Eg hadde på nokre av Nikolsinas klede, dei var litt for små, men greie, for å sjå ut som om eg høyrde heime der. Så det ikkje skulle vera like opplagt og openbert at kven som helst burde angi meg.

“Ehm,” sa Nikolsina. Dei var andpustne, såg uroa ut. “Martan er vekke.”

“Tidsmaskina er øydelagd,” sa Carmalina.

“Shit,” sa eg.

“Me trur dei har tatt han. Det var nokre teikn til kamp.”

“Anna enn at tidsmaskina var fullstendig smadra, sjølvsagt.”

“Shit,” sa eg.

“Ja,” sa Nikolsina.

“Det tyder vel at eg ikkje kjem meg heim.”

“Ja,” sa Nikolsina.

“Shit,” sa eg.

Så der og då byrja ein slags Underground Railroad. Eg måtte skjulast. Om dei fann meg ville eg enda opp same staden som Martan. Eg freista spørja kvar det var. Dei visste ikkje, eller ville ikkje seia. Eg spurde kva dei gjer med folk. Dei svarte framleis ikkje. Dei einaste Carmalina ville seia var at få kjem tilbake. Det var veldig “Many come down, but few return to the sunlit lands.”

Eg skal ærleg innrømma, for heile blogosfæren, at eg var redd.

Så me venta, ganske stille, til ettermiddagsskiftet starta. Då gikk me, dei ser ikkje ut til å ha kollektivtrafikk i framtida, me gikk oppover mot det eg ville kalla Majorstua men som dei kalla noko anna.

Det regna.

Me tok på oss lange regnfrakkar med svære gullfiskbollehjelmar. Dei såg sikkert passe idiotiske ut, men dei var overraskande komfortable. Ikkje noko klam sveittheit.

Så me traska i søla, freista sjå ut som om me var tre heilt vanlege menneske. Nikolsina og Carmalina har nok ein del trening, for dei var avslappa i eit slags kvardagsstress, men eg såg truslar i kvar skugge, angivarar bak kvart hjørne, hemmeleg politi i kvar trappeoppgang.

Då me endeleg kom fram var eg, forståeleg, vil eg seia, utsliten. Eg innsåg at eg ikkje hadde ete sia i går kveld. Eg var svolten. Det er ikkje lett å ikkje finst. Du kan til dømes eigentleg ikkje eta. Eg fikk noko mat, me åt tre stykkar frå to tallerkar.

Nikolsina måtte dra med ein gong etterpå. Eg saknar henne faktisk litt, ho veit alltid kva me må gjera, ho held hovudet kaldt, og ho er gøy å vera rundt.

Ikkje eit vondt ord om Carmalina. Ho er sikkert fantastisk, eg berre kjenner henne ikkje så godt, og ho pratar ikkje med meg så mykje.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash