Skip to content

Categories:

Eit syn frå fortida

Dag 3, 9. april 2010

Carmalina vekka meg veldig, veldig tidleg. Eg fikk litt smaklaus, teksturlaus frukost, og så la me ut. Me gikk identiske gater med identiske hus, svingte her, svingte der, eg var viss på at me hadde gått i ring, fleire gonger, men Carmalina visste visst kvar me skulle.

I eit kryss møtte me ein av dei eldre mennene som hadde vore i Martans leilegheit med det grøne tapetet, ein gong for lenge sia.

“Hanne, dette er Richard,” sa Carmalina. “Han skal ta deg vidare.”

Og med det var ho borte.

Richard var koseleg, han. Litt underleg. Han snakka heile vegen om kona og dottera. Men han blanda verbtider og var imellom vanskeleg å forstå. Lever dei? Er dei daude?

Me gikk i fleire timar. Eg hadde skulesekken min og dårlege sko, så eg vart sliten etter kvart. Richard er ganske gammal, men han gikk fort og synte ingen teikn på å merka oppoverbakkane.

Eg er ganske sikker på at me var på veg oppover mot Holmenkollen. Det er vanskeleg å seia, eg er van med hoppbakken.

Har ikkje medlemene i denne rørsla noko å gjera om dagen? Dei kan passa på meg heile dagen, om dei ville skjula meg burde dei vel ikkje vore heime frå skule eller jobb eller kva dei driv med.

Eg lengta etter Deli de Luca. Eg var svolten, eg var tørst, eg var sliten, og eg er så van med at det finst kioskar på kvart gatehjørne.

Eg ville ikkje virka utakksam, så eg spurde ikkje om kor langt det var igjen.

Me var langt uti det som i vår dag er Marka då husa plutseleg stoppa. Dei såg like ut alle saman, grå kolossar, og så plutseleg var det ikkje fleire. Smale stigar tok over frå vegen me hadde gått.

Eg var glad. Dei har framleis tre. Dei har framleis dyr, eg såg nokre fuglar. Eg tok eit djupt andedrag. Lufta her var mykje klarare.

Me var framleis ikkje framme. Det tok i alle fall ein halvtime, sikkert nærare ein time. Så stod me foran ei hytte.

Det var eit syn frå fortida.

Mi notid, altså.

Ei lita tømmerhytte. Rutete gardiner. Gyngestol. Torv på taket.

“Hytta er utan straum, og me gjennomsøkjer alt som kjem inn, så hytta er trygg.”

“Å,” sa eg. “Det er bra.”

“Ja,” sa han.

Før eg fikk gå inn i hytta tok Richard sekken min, gikk bak eit kratt og tok ut alt. Eg satt på trammen og venta. Det tok lang tid. Men så hadde eg ein del ting i den sekken, og sikkert ein del ting han aldri hadde sett før.

“Godkjend!” sa han.

Eg fann ei seng, der eg slang sekken og satt skoa under.

Richard gjorde opp bål i peisen.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash