Skip to content

Categories:

Første dagbok; gammal dagbok

Berre så du veit det: dette innlegget vart først skrive på papir, så skreiv eg det inn på wordpress og daterte det til dagen eg skreiv det etterpå. Dette systemet kjem til å vara ein stund, men du vil ikkje merka det, det skal sjå ut som det alltid har gjort.

Dag 1, 7. april 2010

Eg drog på Blindern, lata som om det var ein vanleg dag. Rett etter ein ferie er sjølvsagt ikkje vanleg, men det må ein jo ignorera. Så det gjorde eg.

Leonid og Sofia venta på meg på t-bana på Storo. Litt småprat, så var me i det grøne rommet i 2365-Oslo.

Meir prat, mest småprataktig. Martan var der, Carmalina, ein gut ved namn Antalo. Sofia stod attmed vindauga, plutseleg ropte ho – “Spring!”

Alle sprang i ulike retningar, ut døra frå leilegheita med det grøne tapetet. Leonid og Sofia opp, Antalo bortover gangen, Carmalina tok meg i handa og me sprang nedover trappa. Rett før andre etasje stoppa ho brått, stod litt, lista seg vidare, kikka rundt hjørnet, drog meg i handa, me lista oss langs gangen. Me fann trappa i den andre enden, Carmalina heldt opp handa si mot meg, eg stoppa, ho gikk vidare ned. Stille, men som om ho ikkje hadde noko å skjula.

Eg visste framleis ikkje kva som skjedde, men eg hugsa kva Nikolsina hadde fortald meg. Eg var her utan papir. Eg var her utan lov.

Og eg hang med folk som nokså tydeleg jobba under radaren.

Om nokon som ikkje var med oss såg meg kunne dei melda meg til det hemmelege politiet.

Så eg kjende hjartet banka. Eg var veldig veldig stille.

Eg høyrde ei døra som vart lukka. Carmalina tok nokre steg opp trappa igjen. Ei dør vart opna. Lukka igjen. Me sneik oss forbi, ut hovuddøra.

Eg ville aller mest beina så langt unna eg berre kunne. Carmalina heldt meg i armen, hardt, me gikk saman raskt, besluttsomt, men avmålt.

Inn eit anna hus, dei ser like ut alle saman, opp nokre trapper, bank på ei dør. Nikolsina. Inn på rommet hennar, låge røyster.

Eg fikk forklaringa på kva dei trur skjedde:

Det hemmelege politiet har fått høyra at noko skjer, om det var oss eller nokon andre i same bygningen visste dei ikkje, men dei var redde for, trudde, var at nokon hadde tipsa dei om oss. Men dei hadde berre fått vita kva for bygning me var i, ikkje etasjen eller rommet. Difor starta dei nederst og jobba seg oppover. Hovuddøra burde ha vore stengd, den låste seg sikkert etter oss.

Carmalina gikk etter ein liten stund. Dei avtala ein møtestad, ei adresse eg ikkje kjenner, for i morgon, og så gikk ho.

Nikolsina er stille. Ho lagar middag til oss på kjøkenet. Eg kan ikkje gå dit, så eg sit på senga hennar og skriv dagbok.

I morgon skal me over til leilegheita til Martan igjen, så eg kan dra heim.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash