Skip to content

Categories:

Tilbake til framtida

I går fikk de ein pause frå framtidspraten min. I dag vert det meir.

Eg var i 2365 igjen.

Eg lurar på om dei har hanka inn folk frå andre tider eller om eg er aleine i den kapasiteten.

Berre Martan og to jenter var der. Eg trur namna deira var Carmalina og Yo.

Martan ville visa meg maskina. Eg har vore nyfiken. Det skal eg ærleg innrømma. Det er ei svær maskin, nesten steam-punk-aktig, men utan dampen. Masse røyr. Litt rørsle. Knappar. Skruar. Dingsar. Farga leidningar. Masse metall.

“Dette er Tidsmaskina,” sa Martan. Han var stolt. Kry.

“Den er … fin?” sa eg.

Den var jo det. Det var ei seriøs maskin, du såg at ho meinte kva det no enn var ho sa.

“Åh, det tok lang tid å byggja denne maskina,” sa Martan. “Eg var sjølvsagt berre ein liten gut på den tida, men eg hang no rundt og såg på.”

“Kva gjer den?” sa eg.

“Kva gjer den?” sa Martan. Men han sa det på ein ganske annan måte enn eg gjorde. Ikkje sarkastisk, ikkje slemt, men litt belærande.

“Den kan senda oss tilbake i tid,” sa Carmalina, trur eg. Ho var venleg i røysta.

“Å,” sa eg. Eg hadde førestilt meg noko meir pc-liknande, noko med skjerm og tastatur og ein boks med runda hjørne.

Eg skal vera så ærleg at eg vart litt skuffa, og litt forundra. Dette såg ut som sekstitalets TARDIS, ein framtidsvisjon som ikkje tok med teknologiske utviklingar og endring i stil og smak.

Det var tilbake til fortida.

“Har du ikkje lurt på korleis me fer rundt? Me må ha noko som gjer det for oss.”

“Jo, det har eg, og eg har lurt på kva denne maskina var. Men eg trudde ikkje det var tidsmaskina. Kva nyttar de for drivkraft?”

“Drivkraft?”

“Ja, det vanlege straumnettet er vel ikkje nok?”

“Straumnettet? Uansett, den genererer sin eigen straum.”

“Å.”

Carmalina: “Kvifor trudde du ikkje det var denne?”

“Eg trudde det ville vera meir som ein PC. Noko lite med skjerm og tastatur og design.”

“PC? Politically correct?” Dette var Yo.

“Personal computer. Personleg datamaskin.”

“Har aldri høyrd om.”

Martan tok fram ein av dingsane. “Eg kallar desse flogvit. Eg fann det i ei gammal bok og lika lyden av ordet. Veit ikkje kva det tyder, då.”

Yo igjen: “Me har berre tre.”

Eg såg nærare på flogvitet. Det var laga av same metallet som den svære maskina. Aluminiumfarga. Det hadde ein skrudings og ein knapp. Eg skrudde litt på skrudingsen. Den hadde to nivå på skruing, to ulike ting eg kunne skru på, og nokre rare symbol som forklaring rundt ringen. Eg gjetta på at det var eitt nivå for grovjustering og eitt for finjustering.

Martan såg at eg fikla, så han viste meg korleis eg skulle stilla den inn for å dra heim.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash