Skip to content

Categories:

Heimelege utviklingar

Eskil var nettopp her oppe. Han banka på men gikk inn utan å venta på svar. Eg hadde på bukser men ikkje noko anna.

“Eskil!” sa eg.

“Du kunne vore ein valdtektsmann,” sa eg.

“Hei,” sa han. Han var glad. Det var tydeleg.

“Kva er det?” sa eg. Eg skal innrømma at eg var litt frustrert.

“Han kjem tilbake!”

“Kven?”

“Jon Arne!”

“Frå kvar?”

“Frå Hamar!”

“Når?”

“Nå! Eller, han drar ikkje i det heile! Firmaet hans sparka han!”

“Det er vel ikkje bra, vel?”

“Jo! Eller kanskje ikkje. Eller, han har ikkje byrja enno, så han er vel ikkje sparka?”

“Men kva skal han gjera, då?”

“Vera i Oslo, vel.”

“Men kva skal han gjera i Oslo?”

“Veit ikkje eg, vel.”

Eg tok på meg t-skjorte. Eg hadde tatt på BH då han først kom inn. Det kjentest betre.

“OK, så han blir. Kva skal du gjera?”

“Gjera?”

“Ja.”

“Ingenting?”

“OK.”

Posted in Uncategorized. Tagged with .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash