Skip to content

Categories:

Nikolsina sa

Eg skriv visst ikkje om det eg trudde eg skulle skriva om. Eg trudde eg skulle skriva om eit dagleg liv, eit daglegliv, eg trudde eg skulle skildra dei fine augneblinkane og analysera grunnane til at ting gikk feil. Eg trudde eg skulle skriva mykje om lesesalen på biblioteket på Sophus Bugges hus.

Men eg skriv ikkje om det. Sjølv om eg er på lesesalen, sjølv om eg har vakre augneblinkar, sjølv om ting går gale skriv eg meir og meir om 2365.

Eg skriv om mine eigne røynsler der (den), eg skriv om besøk derfrå (denfrå), eg skriv om korleis 2010 vart til 2365.

Og det skal eg fortsetja med i dag.

Eg sat på rommet til Nikolsina. Det var hemmeleg at eg var der, ingen måtte vita det. Det var litt skummelt. Me kunne ikkje stola på nokon. Alle kunne vera ein fiende.

Uansett, ho sa nokre interessante ting. Ho er ikkje berre med i denne tidsutnyttingsrørsla. Antitidsutnyttingsrørsla. Ho er òg med i ei politisk rørsle. Dei jobbar for demokratiske val, for å få lov til å skipa politiske parti.

Dei har ein eittpartistat. Ein faktisk ein. Ikkje som arbeidarpartistaten i Noreg. Som Kina. Det er ikkje lov til å ha eit anna politisk parti enn Miljøpartiet. Dei kallar det framleis Miljøpartiet, men dei burde kalla det Diktaturpartiet. Eller Tyrannipartiet. Eller Korrupsjonspartiet.

Nikolsina er veldig engasjert. Ho vil at verda ho lever i skal vera betre. Ho vil at dei som kjem etter henne skal ha ei betre verd. Eg spurde om ho vil ha born. Om ho vil gifta seg.

“Tja, vil kanskje. Eg veit ikkje. Om eg skal gifta meg vil eg at det skal vera med nokon eg likar, som likar og respekterer meg.” Respekt er viktig for henne. “Og born. Kanskje. Om ein stund. Men det er ikkje så lett å ha born når ein er aleine. Og eg veit ikkje om nokon eg kunne leva med eit år. Langt mindre heile livet.”

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash