Skip to content

Categories:

Nikolsina

Då eg kom heim frå forelesing i går sat Nikolsina på senga mi. Ho las i ei bok, heldt den ærbødig framfor seg, ville ikkje skada den, eller få det til å sjå ut som om ho hadde vore i nærleiken av den.

Eg merkar at eg ikkje er så fan av å finna folk i leilegheita mi, utan å ha invitert dei dit først.

“Kva gjer du her?” sa eg.

“Kom,” sa ho og la boka pent på plass igjen. Eg såg at det var Frå bollar til burritos, kokeboka me fikk på ungdomsskulen. Den er ein slags bibel for meg, men eg sølar på den og er slett ikkje forsiktig.

Ho drog ut to tidsdingsar, og så drog me.

Igjen var me i det grøne rommet.

Eg har sett det så mykje, tenkt på det så mykje, at det nesten kjenst som ein andre heim.

Den same gamle fyren som sist var der, han som bur på staden, eg trur han heit Martan. Leonid og Sofia var ikkje der.

Han virka sint. “Nikolsina, kva har me sagt om dette?”

“Om kva?” sa ho.

Eg vona dei ikkje skulle krangla.

“Om å dra utan løyve, utan partner, om å ta med deg Hanne utan at me har avtala det.”

Me har ikkje sagt noko som helst. Du har sagt at du ikkje likar det.”

“Ja, det har eg sagt, men om du hugsar var orda meir ‘du får ikkje lov og om du gjer det må eg arrestera deg.’”

“Greitt, så var det det du sa. Men det hindrar deg ikkje i å ta feil.”

“Kva tar eg feil i?”

“Du tar ingen riskar!”

“Eg utset i alle fall ikkje heile laget for stor fare. Me kjem ingen veg om me alle får dødsstraff.”

“Men me kjem ingen veg om me berre speler trygt, heller.”

“Jo, det gjer me. Me kom langt før du kom om bord, Nikolsina, det er ikkje du som har drive heile arbeidet.”

Eg var beklemt. Samtidig syntest eg det var noko komisk over dei, dei kjefta kvarandre huda full på same måte som me gjer i fortida, men i dei veldig futuristiske flagrande avmålte kleda sine.

Dei fortsatte ein stund til. Eg prøvde å gjera med liten, usynleg, eg ville ikkje ha del i krangelen. For ein gongs skuld var eg glad eg ikkje faktisk var med i rørsla deira. Då hadde eg måtte ta stilling til kva kven hadde gjort og vera samd eller usamd.

Martan gav til slutt opp. Han sukka djupt og gikk inn på kjøkenet.

Nikolsina titta ut vindauget. Det var mørkt allereie.

“Kom an!” sa ho.

Eg kom, men eg var veldig skeptisk. Kvar skulle me? Nikolsina ville ikkje seia noko, anna enn å be meg vera stille og lata som om eg høyrde heime.

Skulle eg endeleg få gå ut? Ja, det skulle eg!

Det var skummelt å gå bortover gata. Den var våt gjørme, dårleg opplyst ved lange intervall. Dei få menneska me møtte såg me ikkje på, og dei gikk med bøygd hovud, nett som oss.

Me var alle folk som passa sine eigne saker.

Det var ikkje langt me skulle gå. Ei bygning heilt lik den me hadde gått ut av. Heilt like trapper. Heilt like dører. Alt utan teikn av liv. Alt anonymt.

Me gikk inn éi. Eg hadde nesten forventa å sjå det same me hadde forlate, men me kom inn i ein kort gang som førte til eit kjøken og mange dører på sidene. Nikolsina låste opp ei av dei. Me var veldig stille.

Me kom inn på ein liten hybel. Ho hadde ei seng, eit bord og eit skap, nett som hyblar heime. Nokre ting forandrar seg ikkje, altså.

“Neste år vert eg 25. Då får eg nokre fleire kvadratmeter,” sa Nikolsina til meg.

“Får? Kvadratmeter?” sa eg.

“Ja, kor stort du får bu avheng av kor gammal du er og kor mange det er i husstanden. Eg veit at Sofia og Leonid har snakka om å gifta seg så dei får sitt eige bad.”

“Å,” sa eg. Eg merka at noko forandra seg inne i meg då, men eg veit ikkje heilt kva.

“Eg vonar du ikkje får problem på grunn av meg,” sa eg.

“Det treng du ikkje å bekymra deg for. Eg er alltid i tottane på gamle Martan.”

“Men kvifor?”

“Me er vel usamde om korleis me best får gjennomslag. Han meiner me må play by the book, ikkje ta sjansar, denslags. Men eg meiner at det gjorde foreldra våre, besteforeldra våre, og det fikk dei ingen stad, me må satsa. Me må ta dei riskane det inneber, for å endra på ting. Eg ville at du skulle forstå korleis me har det, sidan me utnyttar deg på det grovaste den andre vegen.”

“Det var jo hyggeleg.”

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash