Skip to content

Categories:

Eg tar ting i mine eigne hender

Eg har tenkt på det eg skreiv i går. OK, eg skreiv mykje rart i går, men no tenkte eg på det eg skreiv om å seia frå. Eg vil så gjerne seia frå. Eg vil hjelpa til så verda mi ikkje vert øydelagt, på berre nokre få hundre år.

Eg lurar på om eg har etterkommarar i 2365, eg. Eg lurar på om eg kjem til å få born. Ulikt dei fleste jentene eg veit om, har eg ikkje noko spesielt lyst på, men kanskje det kjem seinare. Om eg får born, og om alle saman òg får born, så dei fører slekta vidare, kva vil etterkommarane mine vera då? La oss seia at me alle får born når me er tretti. 355 år delt på 30 er nesten 12. Det vert 9 tippar: tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldeborn. Vil me ha genmateriale felles?

Uansett, eg ville ta saka i mine eigne hender. Så eg tok all søpla heime, vanleg søppel, papir, glas, metall, alt, og putta i ein stor pose og heiv i restsøpla.

Etterpå fikk eg sjølvsagt veldig dårleg samvit, men då var det for seint.

Sivil ulydigheit er bra, det, men det må føra ein plass.

Eg ser så lite til Eskil desse dagane. Difor kjøpte eg ei bøtte med sjokoladeis og bestemde meg får å plaga han. Det var vanskeleg, eg ville fortelja han alt, men det kunne eg ikkje. Så eg visste ikkje kva eg skulle seia.

Eg kunne ikkje seia at eg vil laga svære demonstrasjonar med etterkommarane mine. Eg kunne ikkje eigentleg seia at eg nesten har gitt opp historie, av di eg har funne eit betre felt. Eg kunne i alle fall ikkje seia at eg vurderte å flytta til Bergen. Tenk det, først Jon Arne og så meg! Stakars Eskil ville vorte heilt aleine.

Eskil seier heller ikkje så mykje no om dagane. Før prata me i munnen på kvarandre, no klarer me ikkje eingong å ha ei samtale saman.

Eg lurar på om andre har det sånn.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash