Skip to content

Categories:

Kva det gjer med deg

Etter at eg kom heim har eg ikkje klart å sjå heilt normalt på gjenvinning igjen. The road to hell is paved with good intention, er det ikkje det dei seier? Sjølvsagt må me redda jorda, kvarandre, frå skadane me gjer på den, men når det endar opp i ein overvakingsstat? Eg klarer ikkje å vera heilt for lenger.

Det er fint at me nyttar ting fleire gonger. Alle burde kjeldesortera, det er sant, og nokre kan trengja insentiv for å gjera det, men fengselsstraff for dei som ikkje sorterer? Nei, det trur eg er feil.

Eg forstår ikkje kvifor rørsla i 2365 ikkje gjer noko, kvifor dei ikkje seier frå at det ikkje er greitt. Me ville laga fakkeltog og hatt demonstrasjonar og sendt lesarbrev.

Kanskje ikkje det heller er lov. Eg trur ikkje det er lov å seia at du er misnøgd. Når det ikkje er lov å gå ute utan identifikasjonspapir er det sikkert ikkje lov å demonstrera mot styresmaktene.

Eg går ikkje mykje i demonstrasjonar. Det skal eg ærleg innrømma. Eg gikk ikkje eingong førre onsdag, då heile landet skulle demonstrera for elleve månaders studielån, som eg jo er veldig for. Eg har dårleg samvit for at eg ikkje seier frå. Det er ikkje nok å røysta på eit parti, særleg ikkje når dei er i regjering for andre gong på rad og seier dei vil innføra det i valkampen. Det held ikkje.

Men eg er veldig takksam for at me kan. Eg er veldig takksam for at det finst som skriver lesarbrev, som stiller seg opp foran Stortinget og er sinte.

Og den dagen dei verkeleg trenger meg skal eg vera der.

Difor er det skummelt å tenkja på å ikkje kunne.

Ytringsfridomen vår er viktig.

Eg vil ikkje mista den.

Det verkar som at fleire ting er forbode enn lovlege i 2365. Fly, bilar, bøker (av papir, altså), museum, å kjøpa meir enn ei viss mengd av ting. Å seia kva ein meiner, å gå dit ein vil, å endra sitt eige liv.

Særleg var det eg las om bøker skummelt. Historikarar flest lever på skriftlege kjelder. Ein kan læra mykje frå andre levningar, men brev og bøker er lettast. I 2365 må ein søkja om spesiell tillating for å få tilgang på bøker, og eg trur ikkje den tillatinga var, er, lett å få.

Eg lurar på kor langt i 1984-lei dei har kome. Endrar styresmaktene den offisielle historia? Prøver dei å undertrykkja innbyggjarane på ein sånn måte at dei ikkje skal kunne tenkja seg fridom?

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash