Skip to content

Categories:

Kva eg fann ut i 2365

I går skreiv eg om kva som skjedde fredag: eg drog tilbake fram til 2365, og eg byrja finna ut ting.

Eg fekk lesa bøker og aviser. Eg vart uroa av di dei ikkje kunne stola på noko som var utgjeve. Skriftlege kjelder er trass alt ein historikars beste ven.

Noko av dette er fakta. Noko av dette er logisk utleia. Noko av dette er gjetning.

Me kjenner allereie til klimakrisa, klimaendringar, global oppvarming. Forskarane i vår tid er ueinige om kor stort problemet er. Det ser ut som at det var stort, og at dei (ikkje forskarane, altså, eit meir ubestemmeleg “dei”) ikkje klarte å stoppa det.

Verda endra seg, og klimaflyktningane spreidde seg for alle vindar.

Samtidig stoppa ikkje folketalsveksten i fattigare land. For få ressursar vart no delt av færre.

Dei fossile brennstoffa tok derimot slutt. Det utløyste den andre krisa.

Styresmaktene vart først grøne, så autoritære.

Det er vanskeleg å seia når desse tinga skjedde. Eg såg fleire årstal, men dei sprika massivt. Det er ikkje så farleg, uansett. Det starta før mi notid, og ser ut til å ha stabilisert seg før 2365.

Etter kvart laga dei lunsj. Inkje kjøt. Nokre slappe grønsaker. Noko brunt, ubestemmeleg, som ikkje eigentleg smaka noko. Eg såg rundt meg. Me sat rundt eit stort bord. Dei andre åt utan begeistring. Eg smaka litt til. Det smaka ikkje eigentleg mat. Eg såg på Leonid og Sofia, dei har jo fått mat heime hjå meg. Leonid såg opp og på meg. Han sa ikkje noko, men det var som om han ba om orsak med auga.

Til sist vart det seint. Eg hadde ikkje dratt enno. Dei såg ut til å koma på at det hadde vorte seint, me hadde diskutert det eg hadde lest og dedusert, og dei ville ikkje senda meg heim om kvelden. (Noko som minner meg på neste prosjekt: å finna ut korleis den maskina funkar.) Dei fleste drog. Den eine gamle fyren som hadde vore der heile dagen var igjen. Eg fikk sova på kjøkengolvet.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash