Skip to content

Categories:

Dei overnatta og eg overnatta

Leonid og Sofia tar seg nokre fridomar. På torsdag berre drog dei ikkje. Så dei overnatta. Me såg på film. Eg trur noko av teknologien vår er langt mindre avansert enn deira, men noko er òg meir.

Det er rart, det, korleis nokre ting ser ut til å ha gått bakover i staden for framover. Likevel har ikkje heile samfunnet gått bakover, som ein kunne tenkja seg kunne skjedd etter ein stor katastrofe. Eg kjem ikkje på døme nett no, men eg har lese det i sci-fi-bøker, at samfunna mistar tilgang på mat, vatn eller tryggleik, og dimed må gå tilbake og utvikla teknologi for det. Maslow, liksom. Og når dei er opptekne med det meir grunnleggjande mistar dei det meir abstrakte.

Men dei har jo, i 2365, noko av det meir abstrakte.

Så det ville eg vita.

Eg ville rett og slett i historiefelten.

Så under frukosten, bacon og egg, stilte eg eit intrikat spørsmål med masse fagtermar. Det var meininga at dei ikkje skulle kunne svara.

Eg hadde ei meining bak, det må eg innrømma. Eg ville at dei ikkje skulle kunne svara, så dei måtte ta meg med fram i tid, så eg kunne svara meg sjølv.

Det er kanskje litt snikete, men når eg ikkje tør å kreva noko, så.

Dei hadde ikkje med ein tredje tidsdings. Dei hadde vel ikkje rekna med å ta meg med.

Så dei drog tilbake for å henta den. Eg drog opp til Forskningsparken for å møta dei.

Dei hadde ein god sjanse for å “stand me up,” som dei seier, ikkje koma sjølv om dei sa dei skulle.

Men etter nøyaktig ein time kom Sofia og henta meg. Ho dukka opp, gav meg dingsen, fikla litt med sin, og så drog me.

Det var veldig rart å vera der igjen. Eg hugsa rommet veldig godt. Den grøne tapeten, den svære maskina i hjørnet. Gruppa som hang rundt i rommet var mykje mindre i går enn førre gong, første gong. Ein gammal fyr, to jenter og tre gutar. Inkludert Leonid og Sofia. Nikolsina var ikkje der.

Ein av dei yngre skunda seg og drog for gardinene. Hald deg langs veggen, sa han.

Eg spurde kvifor.

Han svara, elles kan nokon sjå deg.

Kvifor skulle dei ikkje det?

Du har ikkje papir. Du skal ikkje vera her.

Papir? Eg er eg redd eg høyrdest ut som ein broken record.

Ja, identifiseringspapir. Du må alltid ha id-papir. Elles kan dei arrestera deg.

Kven? Arrestera?

Politiet, det løynde politiet, naboen, alle.

Kvifor?

Utan papir kan du vera kven som helst, du kan vera terrorist.

Terrorist! Har de framleis terroristar?

Me har nesten ikkje anna.

Alle saman sukka.

Har de historiebøker? Eg rekna med at feltarbeid i sjølve felten kanskje dimed ikkje var så lurt.

Historie, ja, bøker, ja, til å stola på: nei.

I løpet av dagen fikk eg bøker og aviser som dei meinte eg burde lesa. Dei meinte ikkje eg burde lesa heile, men innimellom fanst det avsnitt, ei side eller to, der sanninga var snike inn.

Eg seier bøker, men det er mest av di me nyttar same ordet. Deira bøker er små databrikker der hundrevis av titlar er lagra, men ein utbrettbar skjerm.

Lesinga var uhuggeleg. Og eg skal fortelja meir om den i morgon.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash