Skip to content

Categories:

Ein dag eg hadde fri men ikkje no lenger

Det er ein stund sia eg hadde sett Leonid og Sofia.

I dag kom dei tidleg, tidleg. Eg skulle sova lenge. Eg har hatt ei slags ikkje-veke. Måndag sov eg jo i staden for å gå på Blindern. Så fekk eg ikkje sova før langt utpå natta, og så starta tysdagen sjølvsagt feil, så eg åt middag då eg skulle dratt på forelesing, og så vart onsdagen øydelagd òg.

Så torsdagen skulle henta meg inn igjen.

Men nei.

Dei ringde på klokka mi seks. Om morgonen. Då sov eg, djupt og inderleg, og eg naut det.

Så det var opp for å redda verda igjen. Eg skulle verkeleg ynskje eg kunne redda verda på betre tider på døgnet.

Dei sa framleis ikkje noko om kjellaren. Eg spurde ikkje.

Eg gav dei frukost. Dei var oppskjørta over dei ulike typane kjøtpålegg eg hadde liggjande i kjøleskapet.

Eg tør ikkje å seia til dei at eg vil dra til deira tid igjen. Har eg ikkje fått nok? Det er sikkert farleg uansett. Framtida er utrygg, det einaste ein kan stola på er kjensgjerningar.

I dag las me nyhende igjen. Det er mange konfliktar i verda me ikkje tenkjer over, som ikkje er i media. Og så har me jo dei store, Afghanistan og Irak, altså. Og dei var veldig opptatte av naturkatastrofar. Dei har det vore nok av. Haiti, Chile, Fiji.

Det er ein ganske keisam måte å redda verda.

Eg vil ha action. Eller ei framtid som eg kan læra om.

Eg vil ikkje nødvendigvis ha ei post-apokalyptisk framtid, ei framtid som i “The Time Machine”. Har de lest den boka? Det er ei veldig kort bok av H.G. Wells, som er kjend for å ha skrive om framtida, der menneskja har delt seg i to rasar. Den er ganske skummel, eigentleg.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash