Skip to content

Categories:

Nattoget er noko for seg sjølv

Nattoget er verkeleg noko for deg sjølv.

Eg var så sliten då eg kom heim at eg berre dumpa ned i senga og sov i mange, mange timar.

Så no skriv eg om nattoget. For det er verkeleg ein rar ting, å dra langt, halve landet, i ukomfortable stolar som dei foran deg uansett deisar ned i knea på deg. Og det einaste som eigentleg er akseptabelt å gjera er å sova. På dagtoget kan du sova, ja, men du kan òg sjå ut. Sjå ut eller stira ned på ein pc-skjerm eller ned i ei bok. Om du søv eller ser, eller til og med gjer noko arbeidsliknande, er alt akseptert.

På nattoget er den einaste lyden snorking.

Heldigvis gir dei oss øyrepluggar, men likevel.

Eg fikk ikkje sova. Det var ikkje på grunn av snorkinga.

Eg las i ei bok (“Above the Snowline” av Steph Swainston, som eg diverre er litt misnøgd med så langt, den schvungen som har vore i tidlegare bøker er ikkje der), eg såg film, nokre tv-episodar, på veldig låg lyd, sjølvsagt, eg drog til slutt ut ei historiebok (eg hadde gøymt den frå Kristoffer heile helga, eg syntest ikkje eg kunne vera heimefrå så lenge utan å lata som å gjera noko fornuftig), det burde fått meg til å sova.

Til slutt, ein gong i firetida trur eg, sovna eg.

Eg vakna i Drammen.

Så de kan sjå kvifor eg var trøytt. Eg snubla meg på ein trikk, gjennom gatene, opp trappene. Eg følte meg sjuk og nesten kvalm.

No er eg mykje betre, men eg veit ikkje om eg kjem til å få sova til natta.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash