Skip to content

Categories:

Eit nytt forsøk

Eg hadde dårleg samvit for å ikkje vita kva som foregår med Eskil lenger.

Så eg gikk ned og var brysam.

Eg satt på kjøkenstolen hans og sa ingenting. Det tok lang tid, det var nesten så eg gav opp og gikk heim igjen.

Men så starta han å snakka. Eg veit det er ein klisjé, men det er sant, det skjedde sånn, han starta sakte, lågt, usammenhengande, og så voks det, så det vart til ein ordentleg monolog.

Han snakka om kva han føler. Om korleis det er å vera Eskil. Korleis han har det med venene sine. At han er lei seg ein del. At han freistar la vera å tenkja på Jon Arne, men ikkje kan, og framleis er mykje med han. Han sa at han veit at han ikkje bør, men at han ikkje klarer å la vera.

Han klarer ikkje å ikkje ringja, han klarer ikkje å seia nei.

Eg kjenner den kjensla. Eg kan heller ikkje seia nei. Det er eit under at eg ikkje sit i tusen styre i ein million organisasjonar.

Eg er glad eg trengde meg på. Eg synest eg veit meir av det som skjer no.

Eller kanskje ikkje skjer. Men noko som rører seg, i alle fall, eller ligg stille men framleis er viktig.

Eg vil ta livet mitt tilbake. Eg vil redda verda på mine eigne termar.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash