Skip to content

Categories:

Historie og fortid og framtid

Eg har mista motivasjonen for historie. Kva er fortid mot framtid? Kva er det som har skjedd mot det som enno kan skje?

Fortida er fast, den kan eg ikkje endra, eg kan ikkje gjera noko med den. Framtida har ikkje skjedd for meg enno, den har skjedd for andre, men eg kan endra fortida mi.

Trur eg.

Gamle triste auditorium med grøne lange benkar. Kalde.

Eg ringer Kristoffer. Han veit alltid kva ein bør gjera.

***

No har eg prata med broren min på telefon i over ein halv time. Broren min er fantastisk. Sjølv familien til broren min er fantastisk. Han sat ungen ved telefonen ein liten stund. Ungen hans har fått veldig gode genar.

Og etter det høyrde han på kva eg ville seie. Han stilte dei rette spørsmåla så me båe skjøna saka betre. Og så sa han fine, lure ting.

Ta deg ein ferie, sa han, tenk på noko anna. Gled deg til noko. Gjer noko anna utan å stressa.

Eg fortalde han ikkje om Leonid og Sofia og Nikolsina og resten av plottet. Etter Eskil er han den eg helst ville fortald, men eg tør framleis ikkje.

Ein ferie? sa eg. Kvar hen?

Bergen, sa han.

OK, sa eg.

Så no tingar eg togbillettar. Eg skal vera der torsdag til sundag neste veke. Me skal gå på teater saman, berre me to. Eg veit ikkje kva som går, men eg gler meg likevel. Me skal ha på oss kjempefine klede og gå på teater.

Så no har eg noko å gle meg til.

Kanskje det hjelper.

Eg vonar det.

Og så skal han og kona få seg barnevakt og så skal me vera vaksne og gå på restaurant. Me skal ha høghæla sko i regnet og ta drosje og drikka vin og lura på kva for gaffel me skal nytta no? Og Kristoffer skal ha frakk og passa på så me ikkje vert våte.

I morgon skal eg fortsetja tankerekkja eg byrja på i starten av denne posten.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash