Skip to content

Categories:

Torsdag er hannesdag

Eg fikk visst ein trend denne veka med dagar i tittelen, så nå må eg nesten fortsetja med det.

Eg likar torsdagar. Kanskje mest av di eg ikkje må gå på Blindern om eg ikkje vil. Og det vil eg jo ikkje. Det aller fleste torsdagane, i alle fall. Det er vanskeleg å vera student, synest eg, så om torsdagane seier eg, “Hanne. No er det tid med litt fri.” Så bakar eg bollar med massemasse rosinar og et dei så varme at eg får vondt. Og så ser eg på film eller Nytt på nytt som eg gløymde å sjå på fredag og laurdag og sundag, og så strikkar eg kanskje litt eller lagar eit kort eller noko anna eg gjer med hendene. Og om eg verkeleg føler at eg vil vaskar eg badet og tar oppvasken. Berre for den gode, reine, spacious kjensla eg får etterpå. Og så lagar eg meg ein kopp kakao med krem og les ei bok. Ei godbok. Som eg koser meg med.

Og så får eg dårleg samvit, av di eg må jo lesa, ikkje sant. Eg er denne heiltidsstudenten som dei driv og masar om, eg må jo vera 100% student. Det tyder 37,5 timar i veka. Men det er så vanskeleg, for ein må alltid konsentrera seg så mykje. Og ein er aldri ferdig.

Eg saknar Leonid og Sofia litt. Eg trur dei faktisk vil at eg skal hjelpa dei. Eg trur ikkje det berre er av di eg igla meg innpå. Det hadde vore trist.

Ein dag vil eg reisa bort. Eg vil læra meg å vera impulsiv og kjøpa flybillettar på tilbod. Berre av di dei er på tilbod. Eg vil reisa til plassar eg ikkje har vore før. Berre av di eg ikkje har vore der før. Eg vil ignorera plikt og blåsa i oppgåver.

No har til dømes Lufthansa tilbod til Barcelona, Lisboa, London, Nice, Paris og Roma.

Eg vil høyra på hjartet og ikkje hjernen.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash