Skip to content

Categories:

Manda’ morra … jazz

Korleis vert det måndag så ofte? Kvifor forfølger dei meg?

Eg har ikkje nokon særskild grunn til å vera verre den måndagen enn andre. Eg har hatt ei roleg helg, i går las eg, det vart kanskje litt seint, men ikkje mykje seinare enn andre sundagar.

Eg berre kjenner meg nedfor. Så eg sit på lesesalen, har satt på litt jazz på øyret, og no vonar eg det går betre.

Kva føler eg? Eg føler at noko manglar. Eg føler at eg har gløymd å gjera noko, at nokon skulle ha sagt noko som dei ikkje sa, at ein eller annan detalj er feil.

Eg skulle ønskje dei hadde vaflar på Uglebo kvar dag, ikkje berre tysdagar og torsdagar. Eg veit at dei har på kafeen i Niels Treschows hus, men det er gamle og kalde og ikkje eigentleg gode.

Posted in Uncategorized. Tagged with .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash