Skip to content

Categories:

Tankar om 2365

Eg trur det som gjorde mest inntrykk på meg var at alt var så verkeleg. Ikkje over-verkeleg, som ein draum, eller “verkeleg”, som ein god film, men faktisk på-ordentlig verkeleg.

Som å berre reisa ein annan plass. Ikkje berre ei anna tid.

Eg lurar på kor me var. Dei sa det var Oslo, men det såg stort ut. Eg kjende ikkje igjen noko.

Men når eg tenker meg om så eg mange av landemerka i Oslo bygningar. Og om dei er borte…

Ville eg kjend att Telthusbakken? Freia? Operaen? Universitetsplassen og Karl Johan? Nei, dei er bygningar. Eg veit jo ikkje kvar Holmenkollen er no som eg ikkje kan sjå hoppbakken.

Dei spurde meg om hjelp. Eg har ikkje sagt ja, men eg kan jo ikkje la vera. Eg må hjelpa. Redda framtida, ikkje for meg, men for alle som kjem etter. Kanskje for meg òg, eg veit ikkje, dei har sagt at det er i framtida mi, i deira fortid. Kanskje det ikkje er fjern framtid, kanskje det er ganske nær framtid. Kanskje det byrjar når eg er tretti, kanskje førti, femti eller seinare. Kanskje etter at eg døyr. Kanskje etter at borna mine, om eg får nokon, døyr. Kven veit.

Men eg kjenner at eg ikkje kan la det gå som det går.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash