Skip to content

Categories:

På t-bana igjen

Det skjedde igjen. Eg gikk på t-bana på Storo, og fyren frå spegelen var der. Han satt på eit av langsetterseta, så eg satt meg ved sida av han.

“Hei,” sa eg. “Øh,” sa eg. “Eh,” sa eg. “Ehm,” sa eg. “Hei,” sa eg.

“Hei?” sa han.

Eg hadde veldig lyst til å seia “Unnskuld, eg trudde du var ein annan.” Men det gjorde eg heldigvis ikkje.

Så eg sa ingenting.

Eg stira ikkje på han, eg såg stivt ut i lufta, på den andre sida av t-banevogna. Eg hadde tatt initiativ, som eg planla, sjølv om eg ikkje hadde sagt det eg tenkte, og ikkje dratt i gang ei samtale, men eg hadde i alle fall sagt noko.

Så. Kontakt. Det er det første steget.

Overmot: “Eg trur eg har sett deg før ein plass?” Og no så eg på han, på andletet hans. Eg skal aldri gløyma deg, tenkte eg, og eg hugsar det framleis, eg ser det klart framfor meg.

“Å,” sa han berre. Han såg på meg, det var ubehageleg, eg følte at eg vart målt opp mot ein veldig høg standard.

Korleis han såg ut? Vel, det er vanskeleg å skildra folk, det synest eg. Har dei spesielle kjenneteikn kan det halda med det, men kva seier du om dei ikkje har potetnase eller sjenerande føflekkar? Han hadde ikkje potetnase, og ingen store føflekkar. Men han hadde venlege auge, og det får telja for litt. Eg trur han var ganske høg, men det er vanskeleg å seia når me båe sit. Men håret hans var framleis brunt og halvlangt og bustete. Kor gammal var han? Ca. 25, kanskje, eller litt eldre. Eller kanskje ein del eldre, eg er ikkje sikker.

Eg tenkte at eg måtte seia noko meir. Hei, hei, kjenner eg deg, nei, er ikkje eigentleg nok for eit mysterium av desse dimensjonane. Men eg fann ikkje på meir å seia, det er ikkje så lett når ein ikkje har sett folk før.

Eg tok ikkje på han, så eg veit framleis ikkje om han er fysisk til stades. Men eg trur det, han verka så … verkeleg. Eg hadde veldig lyst til å ta på håret hans.

På lesesalen tok eg fram spegelen. Eg tok fram laptopen, mobilen, bøkene, markeringstusj, vassflaske, la alt i system. Så opna eg boka til riktig side, og tok til å sjekka spegelen. Ofte.

Meir enn taket i biblioteket på Sophus Bugges såg eg ein grøntapetsert vegg. Eg såg ingen folk denne gongen.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash