Skip to content

Categories:

Ein ny dag, ein ny post

Nokre gonger vert eg berre så lei, av studia, av å ha ansvar for meg sjølv, av å ha tatt ansvar for andre. Nokre gonger vert eg lei av å eta, nokre gonger av å sova, nokre gonger av å sitja. Nokre gonger vert eg til og med lei av denne bloggen.

Men eg skriv no likevel. Det er terapeutisk. Eg har ikkje gitt bort adressa til nokon, så ingen les det eg skriv. Dimed kan eg skriva alt eg aldri kan seia, særleg ikkje til nokon eg kjenner.

Det er problemet. Eg trudde Oslo var ein stor by, men alle kjenner alle, og eg kan ikkje klaga på nokon utan å vera redd for at nokon skal spreia det vidare, så den eg klaga på får vita at eg klaga.

Det høyrest kanske hyklarsk ut, at eg ikkje vil at dei skal få vita at det var meg, men nokre gonger treng ein jo berre å letta på trykket, ikkje sant, ein må få ting ut, og det er kanskje ikkje noko nokon kan gjera med det.

Er det potensial for forbetring vil eg jo seia det til personen. Det er naturleg.

Nei, i dag har det ikkje skjedd noko verkeleg uvanleg. Alt går i den same gamle tralten, og er keier meg, eg vil gjera noko spanande. Eg vil gjera noko som set spor. Trur eg. For kva om eg føkkar til alt. Då vil eg helst ikkje at det skal setja spor.

Men. Kva kan eg gjera.

Nei. Eg trur eg skal steika vaflar når eg kjem heim. Det hjelper på alt. Eg skal dra opp Eskil, så skal me eta vaflar i lag, og me skal gløyma alt, og eg skal passa på bestevenen min, ein av dei menneska eg har bestemd meg for at eg har ansvar for. Eg kan ikkje gjera mykje kanskje, og eg kan ikkje setja spor, eg får ikkje nokon statue eller ei gate som vert kalla opp etter meg, men eg kan i alle fall hjelpa ein.

Og det er betre enn ingenting.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash