Skip to content

Categories:

Kristoffer

Kristoffer ringde nett no og sa at han kjem på besøk. Det er fantastisk. Eg snakkar altfor lite med han, eg drar nesten aldri og besøker han. Og han har jo heller ikkje så mange molegheiter for å koma hit, han har jobb og familie og alt.

Men no kjem han altså. Og han seier han vil ha den første kvelden berre med meg, utan Mammma. Flyet landar, han tar flytoget inn, og så går me og eter og kanskje tar ein halvliter eller to. Så tar han bussen til Rykkinn og overnattar der, går på møtet sitt, drar tilbake til Mamma og så flyr han heim.

Som han seier, det er mykje buss og mykje fram og tilbake, men det funkar.

Eg ryddar gjerne torsdag kveld for å henga med broren min, yndlibgsbroren min, den beste broren i verda.

Broren min kan eg fortelja alt til. Broren min trur ikkje at eg er gal, at eg er dum eller uansvarleg, og han har alltid gode råd.

Broren min skjønar sikkert kvifor eg likar Jon Arne, sjølv om han øydelegg bestevenen min, og kvifor eg kjenner kjenslene til Eskil så sterkt, som om dei er meir verkelege enn mine egne.

Eg gler meg til at broren min kjem.

Posted in Uncategorized. Tagged with .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash