Skip to content

Categories:

Attende til det andre

Ja, for som eg sa litt tidlegare har eg to ting oppå studia.

Dei utviklar seg ikkje i same tempo, båe to i rykk og napp, men det skjer stadig noko.

No til dette med ho jenta og spegelen og dette. De hugsar kanskje at eg skildra eit bakhovud eg såg for ganske lenge sia? “eit rufsete bakhovud, med mørkebrunt halvlangt hår” skreiv eg om han.

Eg såg han i dag. Eg er viss på det.

Han var på t-bana frå Storo til Forskningsparken. Eller, eg veit ikkje kor han gikk på og av, om han ikkje berre projiserte seg dit, jamfør posten der eg spekulerer i sci-fi og magi, men uansett, han var der heile vegen eg var der.

Eg trur han såg på meg. Eg var så oppskjørta at eg ikkje turde sjå på han mykje. Eg meiner, dette er ein fyr ut at den magiske spegelen min! No veit eg at forsvinnejenta har ei tilknytting til den, eg veit det faktisk og på ordentleg. For her er det ein fyr som har falt ut av den.

Eg burde vore modig og satt meg attmed han og sagt hei. Eg burde i alle fall funne på ei unnskulding for å seia noko til han. Men eg fraus. Eg klarte ikkje å finna på noko å gjera, å seia, ingenting som ville hjelpt meg å skjøna meir av heile saka.

Så, eg har sitte mellom forelesingane i dag og vore smart. Eg har laga ein handlingsplan.

Neste gong eg ser ein av dei skal eg gå bort, spørje korleis dei har det, spørje namnet deira, seia at eg veit eg har møtt dei men ikkje hugsar kvar, som faktisk kunne skjedd, ikkje sant. Det kunne det. Eg hugsar jo ikkje namn, men eg møter ein heil masse folk.

Eg angrar, eg angrar valdsomt.

Eg skulle ha gjort noko.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash