Skip to content

Categories:

Dagen etter

Eg var nede hjå Eskil i dag igjen. Eg veit det er ein jenteting, men eg hadde med is som me åt ut av boksen, me såg teite filmar, særleg barneteiknefilmar. Alt er enkelt der, det er svart og kvitt, rett og galt, ondt og godt.

Og nokre gonger er det berre godt å le og gråta for andre.

Eg vil ikkje la han vera aleine. Han følar seg vel allereie forlate nok. Eg vil ikkje at han skal tru at han er aleine i verda.

Utan foreldra våre her til å passa på oss, eg meiner, me har lausrive oss, me har flytta heimefrå, me ringer heim om noko skjer, men helst ikkje, for me vil ikkje uroa dei.

Eg trur ikkje han har ringt dei og sagt “eg er så lei meg av di ein eg kjenner skal flytta og eg har ikkje noko eigentleg band til han men eg er så lei meg.”

Eg trur ikkje dei er noko anna enn vener på Facebook, men “it’s complicated” er veldig dekkjande, og det er ikkje noko ein kan seia til andre.

Så eg haldt han ein stund, eg passa på han.

Posted in Uncategorized. Tagged with .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash