Skip to content

Categories:

Ei orsaking

Eg må få lov til å be om orsaking for at eg ikkje har skrive på så lenge. Eg var tilbake på Blindern på fredag, for å ta igjen, men det var så fælt at eg gikk heim og laga lunsj for meg sjølv. Eg vart rett og slett sliten, og sjølv om eg gikk for å syta for at eg ikkje tok ferie over helga òg var det nett det eg ende opp med å gjera. Så, i dag var eg sterkare tilbake, trur eg, litt sånn småmotivert for studie.

I tillegg til å liggja på senga og gjera ingenting har eg halde eit auge med den mystiske spegelen. Eg har sett frakkeryggar og bakhovud og ein gong bysta på ei dame i gamaldags ballkjole. Ca. atten femti trur eg. Men eg såg ingen andlet. Dei var ikkje forsvunne, men menneskeutsnitta eg såg hadde aldri andleta vende mot meg.

Så, laurdag kveld, eller kanskje heller sundag, natt til sundag, skjedde det noko meir. Eg såg på film, gamle Poirot, og skotta raskt over i spegelen, som eg ser ut til å ha fått til vane (eg veit ikkje om det er sundt, eigentleg), og det var ikkje mitt tak som låg der. Det var eit anna tak, eit tak med ei svær lysekrone i, og utskjæringar, og vene fargar.

Poirot detekterte vidare, eg gløymde å setja han på pause, dette var noko verkeleg nytt, ikkje sant? Poirot, sjølv med hans små grå celler, vert mundant til samanlikning. Ingenting kom inn eller ut av biletet, og det dissolva sakte etter nokre få minutt og vart igjen mitt kvite tak.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash