Skip to content

Categories:

Framleis groggy

Kva kan eg ha ete? For det må jo ha vore noko eg åt, eg vert aldri kvalm med mindre eg er i buss.

Eg er mykje mindre kvalm i dag. Eg kan faktisk eta, men det går meir i skive med ost enn meir avanserte ting. I går åt eg berre éi skive, og den spøy eg opp då eg måtte gå på do, av di eg hadde vore så flink til å drikka vatn.

Men i dag eter eg. Det er digg.

Eg freista lesa litt tidlegare i dag. Verdshistorie, tenkte eg, det må eg vel få til. Men eg las to avsnitt og etter ein stund fann eg ut at eg berre stira ut i lufta så eg ga opp.

Så eg lokar på Internett, freistar ikkje lesa om denne flystyrten i Libanon, og ser på film. Howl’s Moving Castle, Istid, og ein haug episodar av Castle som eg har spart.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash