Skip to content

Categories:

Utviklingar i spegelen og kaffi med JA

Eg såg ikkje noko i går. Eg vart så skuffa. Men no i dag skjedde det noko utan at eg gjorde noko for det ein gong. Eg hadde lagt frå meg spegelen på kjøkenbenken, nesten gløymd den, tenkte i alle fall ikkje så mye på den. Det var jenta eg hadde hengd meg opp i. Men eg plar rydja på sundagane, så leilegheita er grei til eg skal rota henne ned i veka. Så eg svinsa og svansa rundt, hadde på musikk, eg høyrde på Tom McRae, eg song til, og så såg eg, ut av augnekroken, at noko røyrde seg i spegelen.

Eg gikk over og titta på det. Berre taket synte seg, ikkje andletet mitt, som vanleg. Eg satt meg ned og stira litt, kanskje noko ville skje igjen, tenkte eg. Og det gjorde det. Eg ein fem minuttars tid gikk sida av eit bakhovud forbi. Det var eit rufsete bakhovud, med mørkebrunt halvlangt hår. Det var ikkje hovudet til jenta. Det veit eg, håret hennar er annleis.

Det skjedde ikkje meir. Heile episoden gjorde meg meir viss på at det er noko i gjære, at noko skjer, men det er ikkje berre ho jenta som er involvert. Det er større. Ikkje at eg trudde det var lite: nokon som forsvinn sporlaust og ein spegel ein ikkje kan sjå seg sjølv i… Men kanskje eg har vore på feil spor. Kanskje eg ikkje må henga ved Grefsenveien for å finna spor, kanskje eg må følgja med i spegelen.

Eg veit eg seier i målet mitt, i ”Om bloggen”, at eg skal analysera det som skjer, ikkje berre seia kva det er. Men korleis skal eg gjera det når eg ikkje skjønar det?

Etterpå gikk eg på kafé med Jon Arne. Eg likar den guten veldig godt, men han er fjern innimellom. Eg spurde korleis det gikk, korleis han hadde det. Først såg han på meg, såg ut i lufta, og så: ”Hmm? Eg har det fint, eg.” Eg småtjatla litt utan svar. Eg pratar jo ikkje så mykje til vanleg, men det var meg eller ingenting, ikkje sant?

Eg trur ikkje han har det så godt. Han oppfører seg annleis – frå det han plar og det han bør. Men kva kan eg eigentleg gjera? Eg veit eg må fortsetja å treffa han, og seia at eg set pris på han. Men gjer det noko skilnad? Eg føler meg hjelpelaus.

Kvifor går det sånn? Kvifor vert to av venene så triste? Kven er det sin feil?

Eg skulle nesten ynskje det var min feil, for då kunne eg gjort noko med det.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash