Skip to content

Categories:

Spegelen

Eg viste spegelen til Eskil då han kom heim igjen.

Han var forresten veldig stille, eg vonar han berre er sliten etter ei sein natt, ikkje på grunn av greia med Jon Arne. Då har eg ein jobb foran meg. Eg får hugsa å ringja han så me kan ta ein kaffi saman.

Eg er glad ingen av dei les denne bloggen. De gjer ikkje det?

Uansett, Eskil smilte og sa “så pent”, og så byrja han prata om ei eller anna bok han hadde lese. Eg freista igjen. Eg haldt det opp for han. Eg stod bak skuldra hans. Korkje andletet hans eller mitt syntest i spegelen. “Kva er det eigentleg du vil?” Eg kan ikkje skjøna at han ikkje synest det er rart. Men det er som om han ikkje merkar det i det heile, som om hjernen hans vert styrd til andre kantar.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash