Skip to content

Categories:

Fiesta i casa eskil

Eskil er ein sånn person som kan finna på å ha fest midt i veka. No har ikkje eg forelesing i morgon, men det har han. Ja ja, hans val, det påverkar ikkje meg.

Han hadde klart å stappa mange folk inn på ein eitt-roms. Sjølvsagt var eg der, og Jon Arne, men han hadde òg invitert Elfriede, den tyske utviklingsstudenten min, og ein gjeng med folk. Ein gjeng, altså.

Det var veldig koseleg. Eskil hadde fylt opp kjøleskapet med øl, ikkje at det er naudsynleg for kos, og vinflaskane stod på benken. Men alle var ganske ansvarlege, dei hadde vel jobb eller skule dagen etter.

Det var veldig koseleg fram til Eskil og Jon Arne byrja å krangla igjen. Eg trur det er bra dei ikkje er saman meir, for sjølv om dei nok er veldig glade i kvarandre, endar dei alltid opp med å vera sure på kvarandre.

Klokka var vel blitt kring eitt då, og dei fleste hadde gått. Ved det første skjellsordet gikk resten. Dei har vel lært. Eg veit ikkje kva som starta det. Det var sikkert ingenting. Det er til vanleg det.

Eg trur ikkje dei veit heilt kor vondt det gjer meg å sjå dei sånn. Og eg kan ikkje gå, eg har sett kva dei gjer med kvarandre om ingen er der til å stoppa dei. Dei slår, dei ber om det, dei tar det i mot som om det er noko godt, og dei vert deprimerte i vekesvis.

Hadde det berre vore éin av dei kunne eg fått den andre til å halda seg unna, men dei er like hissige og sårbare båe to. Eg er veldig redd for dei.

Så eg freista mekla til dei roa seg ned. Jon Arne ville ikkje gå heim, så me campa på golvet med ullteppe.

Om morgonen var alt betre igjen. Dei klemde og kyssa og steikte bacon og gråt bittelitt og ignorerte meg heilt.

Eg vonar det varar til kvelden.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash