Skip to content

Categories:

Ein eksplosjon i rom og tid

Dag 15, 28. mai 2010

Martan ville seia klart frå til alle kor usanne rykta er. Var. Han ville halda ein tale for alle, han ville spreia ordet og bodskapen til så mange som mogleg.

Eg veit ikkje heilt korleis han tenkte å gjera det. Dei har ikkje noko torg her, dei samlast ikkje, eg har ikkje ein gong sett noko nyhendeteneste.

Men Martan kjem til å få det til, han kjem til å få til noko. Han har prøvd ut delar av talen på meg, den er fantastisk og inspirerande.

Om han får nytta den på nokon kjem den til å funka.

Nikolsina har vore veldig stille i heile dag. No er ho vekke. I går kveld var ho høglytt stormande rasande. Ho skjelte meg ut, og Eskil, og Martan. Ho kalte Sofia og Leonid stygge ting.

Sist eg såg henne var ho stille bestemd. Ho hadde ein plan, eller jobba på ein. Eg trur ho hadde bestemd seg for noko, men ikkje hadde funne ut korleis ho skulle gjera det.

Det var Eskil som greidde å knyta saman trådane.

“Ho skal sprenga noko, sjølvsagt,” sa han.

“Kva!” sa eg, mest i sjokk.

“Høyrde du henne ikkje i går? Ho sa det ganske klart.” Eskil var heilt roleg, eg byrja å gå rundt rommet.

“Jo, men ho har sagt det før, ho har ikkje gjort det.”

“Nei, men ho har ikkje vore like sint før heller.”

“Veit du kva eg trur?” sa eg.

“Nei?” sa han.

“Eg trur det er Sofia som skal verta den nye sjefen.”

“Det er sannheit i botn av dei beste løgnene,” sa han. “Eg trur det, eg òg.”

“Trur du ho kjem til å gjera det?” sa eg.

“Kven? Sofia eller Nikolsina?”

“Sofia. Trur du ho kjem til å sprenga noko? I lufta?”

“Ja,” sa han.

“Då må me stoppa henne.”

Problemet er: korleis?

Seinare same dag

Me klødde oss i hovuda for å finna ein måte å finna ut kor Nikolsina skulle.

Så tenkte me oss om, og spurde Martan.

“Hovudkvarteret til det hemmelege politiet, sjølvsagt,” sa han.

“Sjølvsagt,” sa eg.

“Sjølvsagt?” sa Eskil.

“Men kvar er det?” sa eg.

Og Martan forklarte. Det var ganske langt frå oss. Det var ganske lenge sia me hadde sett henne, me visste ikkje når ho hadde gått, kor lenge ho hadde heldt på.

Me sprang.

Me vona me ikkje sprang inn i nokon. Igjen. Det hadde vore uheldig.

Det var blitt ganske seint. Det var ikkje så mange menneske i bygningen, såg me. Me sprang inn.

Bygningen var ikkje som andre bygg. Den var ein labyrint. Me sprang rundt i den.

På veggane var det festa ein liten hær med små metalldingsar. Dei skein ikkje med eit raudt lys i midten. Dei laga ikkje ein myk blippelyd med jamne mellomrom.

Eskil plukka opp ein. Den laga ein svak tikkelyd. Han freista skru på den, sjå innmaten. Det gikk ikkje. Kan sette den ned på golvet.

Me sprang vidare, me var sikre på at noko kom til å skje, snart.

Til slutt fann me Nikolsina. Ho heldt på ein skjerm, eit panel av noko slag, ho virka opptatt, ho måtte rekke noko.

“Å nei!” sa ho, ho såg oss.

Ho trykka på ein knapp.

Heile verda vart til ei trykkbølgje. Eg merka berre trykkbølgja til trykkbølgja. Ut av augnekroken kunne eg sjå eksplosjonen, den var ikkje ei eldkule, det var høgeksplosivar, mykje farlegare. Så merka eg ei hand som tok rundt armen min.

Så – tida mellom tid – så – me deisa saman bak den veggen på Forskningsparken. I Oslo. Min Oslo. 2010-Oslo.

“Å,” sa eg.

“Ja,” sa Eskil.

“Men,” sa Nikolsina.

Han viste oss fjernkontrolltidsdingsen i handa si. Hadde dette vore ein film skulle den vore svart av sot og heilt øydelagd. Den var heilt som vanleg.

Og så var me her igjen, på gode gamle Grünerløkka i vår gode gamle Oslo.

Nikolsina er ikkje like fornøgd.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash