Skip to content

Categories:

Valkampsproblem

Dag 12, 25. mai 2010

Utpå kvelden, når pulsen min var under 100, og nokon hadde sett på knokane til Eskil (min helt), fortalde eg Martan og Nikolsina og samtala me hadde høyrd. Eg åtvara dei om at me ikkje måtte ta det for god fisk, me veit ikkje kven mannen er. Dei var bekymra.

”Kva kan ho gjera?” sa eg.

”Mykje,” sa Nikolsina.

”Ho kan gjera lite, men likevel ha veldig stor effekt,” sa Martan. ”Nett som oss.”

”Eitt rykte er nok,” sa eg.

”Ja,” sa Martan.

”Men då må me gjera noko først!” sa Nikolsina.

”Kva då?” sa eg.

Ho sa ikkje noko.

I dag greidde eg ikkje å vera som vanleg med alle dei som kom. Sjølv om eg veit at dei som kjem til oss ikkje vil vera dei same som trur på kva rykte som Sofia spreier, er eg redd, og eg lurar på kva dei har høyrd, kva dei vil tru.

Eg freistar ha same energi og engasjement som vanleg. Det er vanskeleg.

Martan og Nikolsina er nesten ferdige med styringsdokumentet sitt. Eg har ikkje gjort så mykje med det dei siste dagane, dei to har fått den hjelpa dei treng av alle dei som kjem innom. Eg er ikkje herifrå, eg føler ikkje eg skal seia for mykje. Men eg har lese gjennom kvar dag, og det er bra.

Kvar landsdel skal velja fire utsendingar som skal skriva grunnlova. Det hadde vore veldig fint om dei fikk gjera det på Eidsvoll, men eg veit ikkje om det er noko på der i det heile no. Martan og Nikolsina skal avvikla det hemmelege politiet medan dei tenkjer og diskuterer og skriv. Dei har sett fristar. Valet – om folket vil ha det som det er eller ha demokrati – skal vera 20. juni. Første juli skal dei vera i regjeringsbygget. Femtande juli skal dei halde regionale val i Trøndelag, på Vestlandet, Sørlandet og Austlandet, i praksis i dei fire storbyane, det bur ikkje mange utanom dei. Tjuande juli skal representantane møtast og byrja arbeidet. Første august skal lova etter planen underskrivast. Om dei, representane, har planlagt for det skal ei ny interimregjering ta over fram til dei har parlamentsval og ei ny, lovleg regjering tar sete.

Dokumentet skildrar klart ansvaret til den første interimregjeringa, Martan og Nikolsina og andre dei peiker ut. Det synest eg er veldig bra.

Eg berre vonar folk forstår at det er dette dokumentet dei stemmer for, at Martan og Nikolsina berre skal administrera det heile.

Kanskje dei ikkje gjer det.

Kanskje det vert meir som eit personval. Kanskje det vert meir som amerikanske val.

Det hadde vore dumt.

Men eg trur det skal gå bra. Martan er så flink til å administrera, til å fiksa, og Nikolsina er så karismatisk og flink til å snakka for seg.

Dei er veldig ivrige, båe to.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash