Skip to content

Categories:

Sofia

Dag 11, 24. mai 2010

Me er heime, trygge.

Eg og Eskil kosa oss sånn i går, ute, at me gjorde det igjen i dag. Det regna, det var grått, det lukta rart av regnet. Me ville ut likevel, me klarar oss godt resten av døgnet i den vesle leilegheita til Martan.

Me vandra i regnet. Me skilde oss ut frå dei andre, dei ville ikkje gått rundt i regnet og vorte våte, dei ville ikkje nytt det.

Eskil og eg ville hoppa i vanndammane, me ville springa rundt og le høgt.

Me tenkte at det var for risikabelt. Folk ville sjå oss.

Det var uansett ikkje eit triveleg regn, det var eit sånn regn som ein til vanleg berre vil ut av.

Men vått og klamt er betre enn trongt og klamt, tenkte eg.

Eg er glad Eskil er her med meg. Eg er glad i den fyren, eg.

Uansett, me runda eit hjørne og såg Sofia. Ho runda eit anna hjørne. Eg tok Eskil i ermet og drog han med meg etter henne. Kva gjorde ho her, og kva dreiv eigentleg ho og Leonid med?

Ho gikk ikkje langt, ikkje til der ho bur, ikkje til der Leonid bur. Ho møtte ein mann, ein eldre mann, dei gikk saman inn i ein bygning, den såg lik ut på utsida.

Eskil og eg venta ein stund, så følgde me etter. Bygningen var veldig annleis på innsida, den var rein, og pen, og lys. Marmor. Tre. Eg såg no at vindauga var sota frå utsida, så det såg like mørkt ut på innsida som alle dei andre bygga, men innanfor strøyma lyset inn.

Me såg at heisen akkurat då byrja å gå oppover. Eg visste ikkje kor dei skulle, men eg tok Eskil i armen, igjen, og gikk opp trappa. Bak ein mørk tredisk sat ei dame eg prøvde å arrogant ignorere, men kanskje ho visste at eg ikkje høyrde heime der. Så fort eg trudde at ho ikkje kunne høyre oss lenger starta eg å springa opp. Me måtte sjå kva for etasje dei gikk ut i. I andre etasje såg me at heisen var i tredje allereie. Me sprang vidare.

I åttande etasje stoppa me litt opp trappa til niande. Rundt hjørnet såg me heisdøra opna seg, Sofia og den ukjende mannen gikk ut. Dei gikk tvers over gangen til ei umerkt dør. Ikkje for det, dei aller fleste dørene i alle bygningane er umerkte.

Dei lukka døra. Me venta litt. Så lista me oss bort, lytta. Me kunne høyra røyster innanfor. Lågt, veldig lågt. Eskil tok ut noko metall av lomma, det var rundt og han mima at eg skulle halda den inntil veggen. Eg gjorde det. Røystene kom gjennom klarare no.

Eg innsåg at dette var ein filmklisjé, at eg ikkje kunne stola på kva eg høyrde. Det var sikkert broren hennar, og ho elska meg likevel. Nei, vent. Der gikk det feil. Men eg hadde eit poeng, eg kunne ikkje eigentleg tru på det, eg hadde ingen kontekst.

”… nokon veg?” sa mannen.

”Nei,” sa Sofia. ”Dei stoler ikkje på meg, på oss.” Nei, det var sant, dei var veldig mystiske og lite tillitvekkjande.

”Så kva gjer de?” sa han.

”Me går utanfrå. Veit du kva dei har sete i gang no?”

”Fortel meg.”

”Dei trur dei skal innføre demokrati.”

”Folkestyre?”

”Ja, med val og alt. Dei trur at ved å ikkje gjera noko openlyst vert dei ikkje sett.”

”Og de er på saka?”

”Ja,” sa ho.

”Og kva gjer de?”

”Vent og sjå,” sa Sofia. ”Det vert bra. Me skal snu folket mot dei.”

Eg ville ikkje høyra meir. Eg var redd dei snart skulle vera ferdige. Me gikk ned igjen, freista vera stille, sa ingenting.

Vel ute, forbi den skumle og surmulande resepsjonsdama, rundt eit hjørne, sa eg, stille: ”Å nei å nei å nei faen.”

”Ja,” sa Eskil.

”Kva skal me gjera no?”

”Me må gjera noko.”

”Ja,” sa eg.

”La oss gå heim.”

Og me gikk heimover. Eskil gikk målretta, i feil retning trudde eg, men han er betre enn meg på praktisk geografi.

Me sa ikkje noko.

Og så skjedde det. Det måtte skje. Og det skjedde i dag.¨

”Papir!”

Det var to spinkel-muskuløse menn, dei var umerkte på alle måtar, det er vel sånn dei er hemmeleg politi, dei viste oss identifikasjon, raskt. Eskil såg på meg. Eg såg på dei to mennene.

”La oss få sjå papira dykkar!” sa den eine av dei to mennene.

”Um,” sa eg, ”me har visst, um, gløymd dei heime.”

Han tok tak i handleddet mitt. Ein liten datadings, ein skanner må det ha vore, vart trykka mot huda. Den sa ingenting.

”Kvar har du chippen?” sa den hemmelege politimannen. ”På den andre armen?”

”Um, nei,” sa eg, men han trykka skanneren mot det handleddet likevel. Den hadde framleis ingen reaksjon.

Og krønsj! sa det, så ”Faen!”, det var Eskil som hadde pønsja han i ansiktet.

Den andre mannen skulle til å gripe Eskil, men eg sparka han i skrittet. Gå feministisk sjølvforsvar! Den første kom til igjen, han hadde ikkje falt som den andre, han greip armane mine. Eg tråkka han på foten samtidig som Eskil slo han i strupen.

Så beina me.

Og no er me heime igjen.

Eg vil ikkje gå ut på ein stund.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash