Skip to content

Categories:

Rart

Det som er rart, som eg ikkje sa i går.

Anna enn at eg framleis ikkje veit namnet på han me vitja – eg fikk vita namnet på sambuaren, ho heiter Siri og kjem frå Kongsberg. Det er litt rart.

Nei, det eg syntest var rart var at Eskil, då me var på restauranten, spurde meg om kva som skjedde i 2365. Ikkje berre dei grøvste detaljane, men detaljar. Korleis folk var. Korleis ting funka. Mest korleis ting funka. Korleis funka overvåkinga? Korleis såg tidsmaskina ut? Kva med bøkene? Kva var tidsmaskina laga av? Kven var Martan? Kva gjorde dei med han?

Og det var fint.

Eskil er interessert. Han er oppriktig interessert. Mest i det tekniske. Det kan eg ikkje svara på, eg kan svara betre på korleis det kjenst å vera der. Korleis alle bygga er like. Korleis ein aldri veit kven ein kan stola på, kven ein kan seia kva til.

Det er sånt eg la mest merke til.

Eg skulle ønskje eg hadde lagt merke til tinga Eskil spurde om.

Me gjenlever det saman.

Posted in Uncategorized. Tagged with .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash