Skip to content

Categories:

Ops – der gikk den ambisjonen

Eg sa at eg skulle skriva kvar dag igjen. Men eg skreiv ikkje i går, så så lenge varte det.

Jaja.

Kva skjedde i går som gjorde at eg gløymde å skriva her?

Først starta eg dagen med bacon, egg og Nytt på nytt. Det var ganske seint. Så innsåg eg at eg faktisk må lesa om eg skal slutta å hengja etter, så eg las ganske mykje historie i ganske mange timar. Så banka Eskil på døra. Han har visst masse pengar no, så han ville ut. Eg fikk ein time på å bli klar.

Me gikk på restaurant. Berre oss to. Og ikkje noko tåpeleg hurtigmatrestaurant heller. Me gikk på Trancher. Kanskje du ikkje har høyrd om den? Det er ein biffrestaurant heilt nederst på Grünerløkka. Dei serverer biff i to storleiker, med tilbehør. Mmm.

Eskil betalte alt saman. Vin og det heile.

Så gikk me ned til sentrum. Eskil følte seg kunstnerisk og ung, så me gikk på Bare Jazz i Grensen. Det var veldig fullt, så me hadde tenkt å gå igjen ganske fort, men så traff Eskil ein eller annan gammal kjenning. Kjenningen prata mykje, røyka, prata meir.

Så gikk me heim til han. Kjenningen, altså. Eg hadde framleis ikkje fått vita namnet hans.

Han budde saman med ein sambuar, som var borte, i Pilestredet. Me inntok usannsynlege mengder alkohol.

Me gikk heim i morges.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash