Skip to content

Categories:

Neste post på programmet

Eg tenkte: No har eg kome til 100. Eg har oppsummert og evaluert. No kan eg vel slutta å skriva?

Så eg skreiv ikkje i går.

Det var rart. Eg følte heile dagen at noko mangla, at eg hadde gløymd å gjera noko.

Og sjølv om eg aldri kjem tilbake til 2365 har eg framleis ting å skriva om. Verda går framover. Og bakover.

Eg vil reisa. Eg kan skriva om å reisa.

Eg har gode vener. Eg har Eskil. Eg kan skriva om Eskil.

Eg har familie. Eg kan dra til Bergen igjen, eg kan skriva om Kristoffer og familien hans.

Sjølv om éin tråd er knytt fast er mange igjen.

Eg vil ikkje syta over kor vanskeleg det er å studera. Det er fint vêr, eg er sliten og trøytt og vil berre sitja ute i sola. Så eg skal ikkje syta meir. Æresord.

No går eg ned til Eskil og høyrer om han vil vera med ut i solskinet.

Posted in Uncategorized. Tagged with .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash