Skip to content

Categories:

100

Ifølge WordPress er dette innlegg nummer eitt hundre.

Gratulerer!

Eg sa til meg sjølv at eg skulle skriva kvar dag. Det har eg ikkje gjort. Men så vidt eg kan sjå har det berre vore 109 dagar sia eg sat i gong prosjektet 16. januar. Kanskje eg har skrive to gonger nokre dagar, men 100 av 109 er respektabelt.

Eg sa til meg sjølv at eg skulle skriva 300 ord kvar dag. Det har eg ikkje gjort, eg veit det er dagar eg har slitt med å få 100 ord inn i blogosfæren (eg skulle til å seia ned på papiret, men det funkar ikkje). Andre dagar veit eg at eg har vore over 700. (Orsak for tung lesing.)

Eg har skrive 28494 ord. Det er mange. Kor mange sider i ei bok hadde det vore? Eg veit ikkje, sikkert mange.

Det er uansett 287,8 ord per innlegg. Det er nesten 300, men her kan eg òg altså verta flinkare.

Dette skreiv eg i “Om bloggen” då eg starta prosjektet i januar:
Eg skal skriva om kva som skjer, og eg skal reflektera over det.
Kvifor? Av di eg synest nokon burde vita.

Eg trudde ikkje at noko så rart, noko så viktig, som det som har skjedd skulle skje.

Kva la eg i “det som skjer?” Kvifor burde nokon vita?

Eg tenkte vel at livet er viktig i seg sjølv. At kva som skjer i livet er viktig, uansett kva.

Eg forventa aldri å skulla skriva noko så viktig, noko så verd forteljing.

No som eg er ved innlegg nummer 100 (kanskje ikkje mykje for andre bloggar, men for meg, som ikkje klarer prosjekt meir enn to veker i strekk), må eg tenkja over når eg skal stoppa.

Eg likar å blogga. Men det er ei plikt, det føler eg. Kvar dag må eg skriva, og kven skriv eg for? Er det nokon der ute, som les kva eg opplever?

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash