Skip to content

Categories:

Tvil

Alt ser så normalt ut. No har kjensla av at alt er annleis gått bort, no er alt som det skal vera.

Eg lurar på om Eskil trur på meg. Han ignorerte jo spegelen, tilbake i januar, men no høyrer han i alle fall på kva eg seier.

Eg lurar på om Kristoffer ville trudd meg om eg fortalde det til han. Eg trudde eg kjende broren min, men det gjer eg ikkje, altså.

Eskil og eg er mykje saman no. Det gjer meg glad, eg syntest me var lite saman før påske, og det var trist. Eg hadde ikkje noko fast i livet som eg kunne stola på. Det å ha Eskil i etasjen under gir meg eit fast haldepunkt. No treng eg berre ei stang, og eg kan flytta verda.

Berre at eg tvilar på underlaget.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash