Skip to content

Categories:

Arbeidardagforsoving

Eg forsov meg. Det er den internasjonale arbeidardagen, og eg skulle ned i sentrum og sjå på toget, og så forsov eg meg. Typisk. Kanskje dei viser bilete på Dagsrevyen. Kanskje. Og kanskje eg hugsar på å sjå det på nett-tv.

Tre veker er lang tid å ta igjen, særleg no som det nærmar seg eksamen. Vel, eg var litt foran etter påska, så det er meir som to eg ei halv veke. Det er framleis mykje.

Eg laga meg sjølv kakao, kakao er fint i regnet, og byrja lesinga.

Og sovna.

Så eg gav opp. Kakaoen var uansett kald og ekkel.

Regnet hadde tørka opp ganske mykje, så eg gikk ein tur i det Oslo eg kjenner, om ikkje er glad i. Eg likar alle dei forskjellige husa, særleg innover på Rodeløkka. Der er det dei koselegaste trehusa, dei ser så tilfeldige ut, og det er noko av det eg likar. Og tre. Masse tre og grønt. Det er fint. Oslo: den dagen de mistar trea er dagen de mistar håpet.

Sjølvsagt enda eg opp hjå Eskil. Eg veit ikkje korleis den guten får så gode karakterar som han gjer, eg veit ikkje korleis han står i det heile. Han gjer jo aldri skulearbeid!

Det er fint, for meg. Då har han alltid tid til meg.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash