Skip to content

Categories:

Ein skulke- og kosedag

Eg var ikkje klar for å dra på Blindern igjen i dag. Eg er framleis ganske sliten, og eg vil heller vera heime og sjå på TV og støvsuga.

Og vaflar, sjølvsagt. Og Eskil. Og å ikkje vera aleine.

Så me sat på Doctor Who, låg under teppe, og åt vaflar. Eg har jo gått glipp av den nye sesongen, så det var fint. Den nye doktoren, elleve, er veldig bra. Eg skulle ønskja eg var meir som assistenten hans, Amy Pond. Ho har bein i nasen.

Eskil heldt rundt meg, og eg føler meg trygg.

Det er mange ting eg har sakna. Grovbrød med leverpostei, vaflar, varm dusj, tannpasta. Varmeovnar, halvpreparert mat med masse feitt i. TV. Materielle gode, rett og slett.

“Kvifor er ikkje Nikolsina her?” sa Eskil.

“Ho burde det,” sa eg. “Men ho er det ikkje. Eg trur noko gikk feil med maskina. Den var jo trass alt ganske herpa.”

“Eg er glad i alle fall du er her,” sa han. “Eg har sakna deg.”

“Eg har sakna deg òg.”

“Eg er glad i deg.”

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash