Skip to content

Categories:

På riktig stad til riktig tid

Eg skal skriva alt som har skjedd, eg lovar. Berre ikkje no.

Eg er heime, men eg er aleine. Nikolsina skulle vore med meg, men det er ho ikkje.

Martan var ferdig med å fiksa tidsmaskina i morges. Den så annleis ut, usolid og usikker. Me hadde framleis, heldigvis, dingsane. Flogvit, var det det dei kalla dei? Ja, eg trur det.

Me tok kvar vår. Stilte dei inn.

Det var ei god kjensle.

Eg merka med ein gong at det skulle halda hardt med straum. Alt gikk veldig sakte og sirupaktig, eg kunne framleis sjå rommet med det grøne tapetet, eg såg Martan stå ved maskina og fiksa noko. Eg såg Nikolsina ved sida av meg. Eg såg henne trykka på knappen på dingsen igjen og igjen. Ho banna.

Det tok veldig lang tid. Eg var redd eg ikkje kom til å koma fram. Eg var redd eg kom til å enda opp i feil tid, at eg skulle landa 21-noko.

Men det ser riktig ut. Det var kveld, sjølv om det ikkje var så veldig mørkt, så reisa tok mykje lenger enn vanleg.

Først på trikken frå Storo kom eg på at månadskortet mitt har gått ut. Eg plar alltid ha eit flexikort i lommeboka, i tilfelle, men eg har visst brukt opp det òg. Eg vil ikkje betala 40 kr for ein trikkebillett, så eg sat heile vegen og vona det ikkje skulle koma ein kontroll.

Eg låste meg inn heime. Leilegheita luktar rart. Alt i kjøleskapet er muggent og mjukt og ekkelt. Eg må hiva det, i morgon.

Kva gjer ein når ein har kome heim frå tre veker i framtida? Eg gikk for å sjå Eskil.

Eg veit ikkje kva eg forventa. Eg forventa ikkje at han skulle halda meg fast og gråta.

“Kvar har du vore?” sa han.

“Ehm,” sa eg. Eg burde hatt ein plan. Eg hadde ikkje det, så eg fortalde han sanninga. “Eg har vore fanga i framtidas Oslo.”

Kanskje eg ikkje forklarte på den beste måten, han virka ganske forvirra. Men etter kvart trur eg han forstod.

“Det er vilt,” sa han. “Kan eg òg dra?”

“Nei, for som eg sa, maskina er øydelagd.”

“Har du framleis dingsen? Knappedingsen?”

“Ja.” Eg hadde den framleis i jakkelomma, så eg gav den til han.

Han studerte den. Snudde den fram og tilbake, opp og ned.

“Eg trur eg trur deg,” sa han. “Ikkje at eg tviler på deg, men du må skjøna at det kan vera litt vanskeleg å tru.”

“Det er greitt,” sa eg.

“Kva skal du seia til mora di?”

“Har ho sagt noko?”

“Noko, ja. Du har vore meldt hjå politiet, du har vore i avisa, mora di har vore på TV og bede kidnapparane dine om å slippa deg fri.”

“Crap,” sa eg. “Kva skal eg gjera?”

“Hm, ja, vel, sanninga er vel ikkje eit val.”

“Nei. Kanskje eg har vore på ferie.”

“Ja, kidnapping vert litt komplisert. Men kvifor har du ikkje svart på telefon?”

“Eg mista den?”

“Ikkje heilt logisk, men eg kan ikkje tenkja på noko betre. Og kanskje du dreiv på med så mykje at du gløymde alt anna.”

“Mhm, kvar var eg?”

“Aust-Europa? Nei, det må vera Schengen. Elles hadde du trengt pass.”

“Kanskje berre rundt om kring, på tog og bussar og slikt. Om eg flaug ville det sikkert vera for lett å finna meg.”

“Du kunne ikkje fly uansett. Har du ikkje høyrd om vulkanen?”

“Vulkan? Nei?”

“Det var vulkanutbrot på Island og ingen kunne fly.”

“Åja. Då var eg sikkert litt forvirra på grunn av det.”

“Sikkert. Og så vart du forkjøla, som du gjer imellom, så ein del ting er litt tåkete for deg.”

“Ja, nettopp.”

“Men eg er glad du er heime uansett.”

“Eg òg.”

Eg ringte til Kristoffer der og då. Han kom til å tru noko var gale, men kanskje han kan hjelpa meg å roa ned Mamma.

Det byrja på ganske same viset.

“Eg er så glad for å høyra frå deg! Kvar har du vore? Har du det bra?”

“Jada, eg har det fint, eg. Kanskje eg fortel deg kvar eg har vore ein annan gong. Du kjem uansett ikkje til å tru det eg fortel Mamma. Men du må hjelpa meg og overtyda henne og roa henne ned.”

“Ok det, Hanne. Du veit du kan stola på meg.”

Eg er så glad for at yndlingsmenneska mine trur på meg.

Eg tør ikkje ringja Mamma heilt enno. Ho kjem til å vera hysterisk.

Ein gong kom eg heim ein time seint frå skulen, det var på barneskulen, og ho var på gråten og hadde ringt overalt. Ho var nett då på telefonen til politiet.

Så eg skal sova først, i den tomme leilegheita mi, så ringjer eg henne i morgon tidleg.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash